Kultur | 13. jan. 2018

Untouchabl(u)es gjer comeback!

Blir eit av banda på årets Torgfest på Øyro - 11 år etter førre konsert.

Untouchabl(u)es gjer comeback!
Untouchabl(u)es, her i 2003, spelte både på Osøren Blues & Jazzfestival og ti år på rad i Fjellheim vesle nyttårsaftan.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 13. jan. 2018 09:09

Bildeserie:

Eirik, William og Live etter festivalmøte fredag.
Eirik, William og Live etter festivalmøte fredag.
Untouchabl(u)es, her i 2004, er klare for comeback.
Untouchabl(u)es, her i 2004, er klare for comeback.
Frå starten på Torgfesten i fjor.
Frå starten på Torgfesten i fjor.
1 av 3
Eirik, William og Live etter festivalmøte fredag.
Untouchabl(u)es, her i 2004, er klare for comeback.
Frå starten på Torgfesten i fjor.

For å feira nytt dekke på Øyro i Os sentrum, og nytt torg med eige restauranthus, gjekk lokale musikarar og fleire serveringsstadar saman med Os Sentrumsforening om å laga «Torgfest på Øyro» i mai 2017.

• Sjå bildeserie: Kos med Torgfest på Os (2017)

– Det blei ein suksess med strålande vêr og 300 besøkande, så Torgfest på Øyro blir eit årleg arrangement, seier Eirik Strønen Søfteland frå bandet Undercover og William Lindborg, leiar for Os Sentrumsforening.

Torsdag blei årets arrangement oppretta på Facebook, datoen 26. mai er den same som i fjor.

– I fjor hadde vi det på ein inneklemt fredag. Det fungerte bra, men vi trur det kan bli minst like bra med laurdag 26. mai i år.

I dag slepp dei første band, utanom «husbandet» og medarrangøren Undercover (Eirik Søfteland, Olav Skorpen og Jens Aasmundset).

Untouchabl(u)es speler på årets Torgfest!

Lokking og lobbyverksemd førte til stort comeback

Dei låg 12 veker på rad på NRK Hordalandstoppen og spelte 10 år på rad til dans vesle nyttårsaftan i Fjellheim.

Untouchabl(u)es, som består av 14 faste bandmedlemmar (!), har ikkje spelt saman sidan 2007.

– Eg veit at det er fleire som har spurd bandet om å gjera comeback i løpet av desse åra, og eg forsto at eg måtte vera litt lur om eg skulle få dei på scenen igjen. Det var ikkje berre å ringa til pappa og spørja, seier Eirik.

Idol-finalisten sin far, Tord Søfteland, er del av bandet. Eirik ringte først og fiska litt hos fleire, med oppfatting av at det var greit å ha velvilje frå andre i bakhand etterkvar som du ringte nye. Så spurda han faren.

– Eg kunne kanskje spart meg for å ringa mange andre først, pappa sa ja med éin gong.

– Har aldri lagt opp

Vokalist Geir-Magne Johnsen Moberg seier Untouchabl(u)es aldri har lagt opp, folk blei berre opptatta med andre ting.

– Det er eit stort ensemble, så det krev jo litt å sveiva apparatet i gang. Men vi har det fantastisk kjekt saman og gler oss til å byrja å øva igjen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Bandet, som i utgangspunktet var delar av to band som blei slått saman, starta som «We and the Old Ones» i 1990. Dei yngre og dei vaksne. Namnet blei endra etter eitt år.

– Eg får av og til idear om natta. Dette var ei sånn natt. Mafiafilmen The Untouchables (De ubestikkelige) var populær. Eg slengte på ein u og fekk idé om skrivemåte med parantes. Det var sånn at eg måtte stå opp og skriva og teikna, fortel Geir-Magne.

Bandet består av: Geir-Magne Johnsen Moberg, Tord Søfteland, Rune Herheim, Svein Bruarøy, Håkon Bruarøy, Erik Brinchmann-Hansen, Frode Bjerkestrand, Merete Blindheim, Bente Strønen, Sissel Fossheim Galaz, Gina Aspenes (frå 1998) og blåserekka med Aina Herheim, Finn Helge Bjørnør, Hallvard Lyssand og Tom Nygård.

– I tillegg har vi opp gjennom åra hatt fleire gjesteartistar med oss, frå Magne Lunde på trommer til Marius Neset på saksofon. Det ser ut som om dei aller fleste faste er med oss på Torgfesten, og vi byr nok på nokre gjesteartistar denne gong òg.

NRK fann éin feil

Untouchabl(u)es har nokre få eigne låtar og speler mest coverlåtar. Dei er inspirerte av bans som The Blues Brothers, The Commitments og Bruce Willis (ja, skodespelaren).

Bandet gav ut eitt album, eit livealbum spelt inn i Fjellheim i 1995. Platesleppet var på Solstrand Hotel & Bad.

Då dei spelte til dans i Fjellheim vesle nyttårsaftan, ti år på rad, var det rift om billettane. Rekorden er utselt på ti minutt.

– Vi blei spelt ein del på NRK P1 ein periode, blant anna i programmet Bluesoasen, der Geir Hovig var programleiar.

– Eg hugsar at han ein gong sa: «Det er berre éin feilmed dette bluesbandet; ingen av medlemmane går på trygd», fortel Geir-Magne.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.