Lokal | 02. des. 2014

Uroa for ventetida hos PPT

Sentrumspartia vil styrka PPT, tilpassa opplæring og meistringsteam med 5 millionar kroner.

Uroa for ventetida hos PPT
Jon Sivert Rykkel delte ut budsjettframlegget for sentrumskoallisjonen med Krp, V, Sp og TvS (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 02. des. 2014 13:13

Budsjettet for 2015 har fått ei ny konstellasjon av budsjettkameratar i sentrum med Tvs, V, Sp og Krf.

– Vi har litt større handlingsrom enn tidlegare, men det er framleis små midler vi har å flytta på.

– Dei fire sentrumspartia er uroa over den lange ventetiden som i dag er hos PPT.

– Vi ønskjer difor å styrka området kraftig, slik at vi kan koma ned på myndigheitene sitt krav om maksimum 3 månaders sakshandsamingstid, forklarte Jon Sivert Rykkel (V) på vegne av koallisjonen.

Påvirkar klassemiljø

I tillegg til å styrka PPT med nye stillingar, vil dei fire partia styrke tilpassa opplæring i skulen og meistringsteamet.

– Til saman har vi lagt inn 5 millionar kroner til desse tre tiltaka.

– Vi veit godt korleis klassemiljø blir påvirka av elever som sliter og ikkje klarar å følgje undervisninga.

– Resultata på nasjonale prøver syner at elevane ved skulane i Os på 5. trinn ligg bak det nasjonale snittet innan lese- og skriveferdigheiter.

– Vi ser svært alvorleg på situasjonen og meiner det er viktig å fortsette satsinga på Betre læringsresultat gjennom tidleg innsats og tilpassa opplæring.

– I tillegg har vi god erfaring med meistringsteamet i ungdomsskulen. Vi vil satsa vidare på dette og oppretta eit nytt team som skal følgje opp elevane på barnetrinnet.

Streikepengar til kurs

I samband med lærarstreiken i sommar fekk kommunen lågare kostnader til lærarlønninger som følgje av utsett iverksetting av lønnsjusteringane. Tilsvarande 1,6 millionar kroner.

– Desse midla ber vi om at blir overført til 2015 og blir nytta til kursing av lærarane, sa Rykkel.

Vil ta imot fire mindreårige flykningar

Sentrumspartia støtter rådmannen sitt forslag om å ta imot 20 flyktningar per år.

– Vi har vald å prioritera flyktninger slik som rådmannen la inn i sitt budsjett og at dette også må føra til økt bygging av kommunale bustader.

– Som eit eingongstiltak for 2015 meiner koallisjonen òg at kommunen skal ta i mot fire enslige mindreårige flykningar.

– Vi bør òg gå i ein dialog med nabokommunane for å sjå på moglegheiten for interkommunalt samarbeid rundt flyktningetenesta.

– Det kan vera fordelaktig både med tanke på økonomi og kompetanse, påpeika Rykkel.

Støtter «Friplassen»

Som posisjonspartia støtter òg sentrumskoallisjonen etableringa av «Friplassen» ved Søfteland skule.

– Vi presiserar også at rådmannen må leggje inn følgjekostnadane det foreslåtte investeringsprogrammet i driftsrammene for dei kommande åra, avslutta Rykkel.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.