Lokal | 26. jan. 2015

Usemje etter samanstøyt

Ein bil fekk knust spegl i møte med lastebil. Skademeldinga blei ikkje signert.

Usemje etter samanstøyt
Politiet kontrollerte trafikken begge vegar på E39 på Søfteland søndag formiddag. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 26. jan. 2015 08:12

Søndag i 19-tida fekk politiet melding om eit lite trafikkuhell på Lepsøy.

– Ein bil som skal ha stoppa i ei lomme for å venta på møtande lastebil fekk knust speglet, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

– Føraren av lastebilen stoppa og dei fylte ut skademeldingsskjema. Men dei blei ikkje heilt einige om kva som hadde skjedd.

Dette blir likevel ikkje ei sak for politiet.

– Det blir opp til forsikringsselskapa å ordna opp i saka.

60 kontrollerte på Søfteland

Søndag formiddag hadde politiet trafikkontroll på E39 på Søfteland.

Politiet kontrollerte trafikken i begge retningar og 60 bilistar blei sjekka for promille.

Alle var edrue og kunne kjøra vidare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.