Lokal | 23. nov. 2014

Utan skip - med ambassadørar

Direktør Anders Lekven feira Statsraad Lehmkuhl sin verdsrekord med to ordførarar.

Utan skip - med ambassadørar
– Eg var stolt av å ha desse to ambassadørane med på markeringa av verdsrekorden, seier Anders Lekven. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 23. nov. 2014 09:08

Bildeserie:

– Det er aldri kjedeleg å ha Terje og Trude på besøk, spesielt ikkje om dei får ein sabel.
– Det er aldri kjedeleg å ha Terje og Trude på besøk, spesielt ikkje om dei får ein sabel.
Statsraad Lehmkuhl har vunne Boston Teapot 5 av dei siste 7 åra.
Statsraad Lehmkuhl har vunne Boston Teapot 5 av dei siste 7 åra.
1 av 2
– Det er aldri kjedeleg å ha Terje og Trude på besøk, spesielt ikkje om dei får ein sabel.
Statsraad Lehmkuhl har vunne Boston Teapot 5 av dei siste 7 åra.

To år har gått sidan sist, men så vann Statsraad Lehmkuhl tilbake vandrepokalen, The Boston Teapot Trophy.

– Dette er klassen for dei største seglskipa i verda, 120 skip frå heile verda. Vi vann pokalen første gong i 2008, no har vi vunne 5 av dei siste 7 åra, seier osingen og Statsraad-direktøren Anders Lekven.

– Ekstra kjekt var det å setja ny verdsrekord, dette er det raskaste nokon har segla i Boston Teapot si historie.

Eldst og raskast

Statsraad Lehmkuhl er 100 år i år. The Boston Teapot Trophy er 50 år.

– Det yngste skipet som deltok i år er berre 7 år gamalt. Statsraaden er det eldste skipet.

Fredag var det feiring, utan båt, i Statsraaden sine lokale. Laurdag starta mannskapet seglturen heim over Atlanteren etter å ha fått nye segl (les om orkanen på BA.no).

Lekven skryter av mannskapet.

– No var Statsraaden ei vaksen dame, 94 år, før ho byrja å vinna. Men vi kan nok i hovudsak takka sjøfolka vi har om bord, både det faste mannskapet og dei tøffaste kadettane frå Sjøkrigsskulen, for at vi no har stabilisert oss heilt i verdstoppen.

– Aldri kjedeleg med Drevland og Søviknes

Lekven fortel om ein staseleg markering og feiring av verdsrekorden fredag.

– Det blir aldri kjedeleg saman med Trude Drevland og Terje Søviknes, spesielt ikkje om du gir dei ein sabel, seier Anders og ler.

Dei to ordførarane, som begge stilte med ordførarkjede (på Drevland sitt initiativ), kutta kaka med sabelen.

– Trude og Terje er begge utnemt som ambassadørar, dei to einaste Statsraad Lehmkuhl-ambassadørane vi har.

– Men det var fleire ordførarar på festen, og dette understrekar det samhaldet vi har i regionen.

Statsraad Lehmkuhl besøkte Os i år og kjem tilbake fleire gongar neste år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.