Lokal | 14. juni 2017

Utforkøyring i Hjellemarka

Ein bil har hamna i grøfta på E39 Byvegen.

Utforkøyring i Hjellemarka
Bilen køyrde retning Bergen då han hamna utfor E39 mellom Hetleflåten og Søfteland. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 14. juni 2017 07:39

Litt før klokka 09.30 onsdag morgon køyrde ein bil utfor E39 Byvegen i Hjellemarka, mellom Hetleflåten og Søfteland.

Bilen har rulla over på sida og ligg i grøfta.

«Søfteland - meldt om trafikkuhell - nødetater på vei» skriv politiet på Twitter klokka 09.26. Ifølgje 110-sentralen er det ei singelulykke.

Trafikken retning Bergen ser ifølgje Google Maps ut til å stå i ro, mens trafikken mot Os går som normalt. Det er truleg dirigering på staden, men dette er ikkje stadfesta.

Her kan du sjå korleis trafikken er på staden nett no.

– Såg uskadd ut

Midtsiden har snakka med vitnet som var først på staden.

– Bilen køyrde framfor meg, brått hamna den utfor vegen og rulla over på sida, fortel han.

Bilførar skal ha vore åleine i bilen. Han skal ha sett uskadd ut.

– Eg sprang bort for å hjelpa, men då sat han allereie i telefonen. Eg høyrde berre at han sa at han hadde krasja.

Ein bil frå vegvesenet kom tilfeldigvis forbi og stoppa. Dei tok ansvar på staden mens nødetatane er på veg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.