Lokal | 18. mars 2017

Utforkøyring i Lysefjorden

Fredag kveld var det brann i ein konteinar i Kolskogen, natt til laurdag hamna ein bil i grøfta på glatten.

Utforkøyring i Lysefjorden
Det kom snø i Os fredag kveld og politiet måtte rykka ut til utforkøyring i Lysefjorden. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 18. mars 2017 08:07

Fredag klokka 18.35 kom det meldin om brann i ein konteinar ved ei bedrift i Kolskogen.

Ifølgje 110 Hordaland på Twitter var det opne flammar då brannvesenet kom til staden.

– Også eigar av konteinaren kom til staden. Det er uvisst kva som var årsaka, men det skal ikkje ha vore fare for spreiing av brannen, som raskt blei sløkt, seier operasjonsleiar Hans-Eirik Thue i Vest politidistrikt.

Uskadd i utforkøyring

Fredag kveld byrja det å snø i Os og det var svært glatt fleire stadar.

– Klokka 01.13 fekk vi melding om trafikkulykke i Søvikvegen, fortel Thue.

Ein bil hadde hamna i grøfta. Det var to personar ved bilen då patruljen kom til staden.

Ingen var skadd og det blir heller ikkje oppretta noko sak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.