Sport | 13. juni 2016

Utselt for fiskekort til opningsnatta

Trass lite vatn er sesongkort i «Kremretten» einaste håp om du vil fiska i Oselvo natt til onsdag. – Eg er spent på om det blir Oskar når vi skal fiska i «Sahara», seier Anders Kloven.

Utselt for fiskekort til opningsnatta
Svein Hansen tok denne på 8 kilo i sone 5 ti minutt etter at at fiske starta i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 13. juni 2016 10:29

Bildeserie:

Paul Lekven fekk årets Oskar i 2015. (Foto: KVB)
Paul Lekven fekk årets Oskar i 2015. (Foto: KVB)
Sånn har vassføringa vore (Røykenes) dei siste månadane.
Sånn har vassføringa vore (Røykenes) dei siste månadane.
1 av 2
Paul Lekven fekk årets Oskar i 2015. (Foto: KVB)
Sånn har vassføringa vore (Røykenes) dei siste månadane.

Tysdag kveld riggar laksefiskarane seg klar, ved midnatt 15. juni startar årets sesong i Oselvo.

– Eg har både sesongkort i «Kremretten» og fiskekort i sone 5 frå klokka 8 onsdag morgon.

– Men eg ventar ikkje så mykje så låg som elva er no, seier Anders Kloven, nyvalt leiar for fiskeutvalet i Os Jakt og Fiskelag.

I fjor tok det tre minutt

Mens andre har gledd seg over varme og tørre forsommardagar går fiskarane og ventar på regn.

– Dei som følgjer ekstra godt med i elva seier det har gått opp litt fisk, og det er nok sjanse for at årets første laks blir tatt i løpet av natta.

I fjor gjekk det tre minutt før den var på land, tatt av Sjur Veim.

Sjå video og bildeserie frå opningsnatta i 2015.

Sesongens første laks tatt av medlem i jakt- og fiskelaget blir kalla «Oskar». I 2015 var det Paul Lekven som fekk årets Oskar, då han sto i sone 2 vis a vis Sjur Veim og drog opp ein laks fire minutt etter at fisket starta.

Begge var på 3,1 kilo.

Sel fiskekort via internett

Ti minutt over midnatt fekk Svein Hansen ein laks på 8 kilo i sone 5.

Onsdag 22. juli tok Kjell Morten Søvik ein laks på 11 kilo.

Samla sett blei sesongen ein suksess, med dobbelt så god fangst som året før og vellykka sal av fiskekort via nytt, digitalt system.

– Dette er enklare både for fiskelaget og for fiskarane, det er fint å kunna sitja heime og sjå kor tid det er ledige kort, synest Kloven.

– Vi er spente på opningsnatta, men gler oss veldig til første skikkelege regnperiode kjem. Då vil det nok raskt bli rift om fiskekorta.

• Har du fått fisk? Send informasjon og bilde til kjetil@midsiden.no eller 90789270

• Sjå òg: Prohd.no for oppdateringar frå fisket i Oselvo.

• Midtsiden samleside: Jakt og fiske

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.