Lokal | 16. des. 2014

Vagt håp om kvit jul

Storm melder snø i Os julaftan, Yr melder regn. Begge spår ein solrik laurdag!

Vagt håp om kvit jul
Er det sånt vêr du vil ha i jula? Storm (innfelt) melder snø både veslejulaftan og julekvelden. (Foto: KVB/Storm.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 16. des. 2014 12:36

Har du sjansen til det kan du legga julehandelen til søndag og ta laurdagen fri for å vera utandørs.

Både Storm og Yr melder nærmast skyfri himmel førstkomande laurdag.

Men er det sjanse for kvit jul i Os?

Kanskje kaldt nok

Dei siste døgna har det vore både kuling, lyn, regn, sludd og snø i Os. Nedbør blir det meir av kvar dag fram til og med fredag, og frå søndag forbi julaftan.

Noko av dette vil koma som snø i Os, melder Storm 8 dagar før jul. Både veslejulaftan og julaftan skal det koma sludd og snø.

Yr melder også nedbør, men meiner temperaturen skal bli på rundt 5 gradar og at nedbøren dermed kjem som regn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.