Valsa over Hovding
Os 2 ligg eitt poeng frå toppen av tabellen etter gårsdagens suverene heimesiger over botnlaget.
Bildeserie:
Onsdag spelte både Os 2 og Lysekloster 2 på heimebane i same 5. divisjonsavdeling.
Lysekloster 2 gjekk på sitt tredje tap på rad då det blei blåst av på 0-3 for tabelltoar Askøy
Os 2 tok ein suveren siger over Hovding.
– Det er alltid noko å pirka på, men samla sett var dette ei god gjennomføring, synest trenar Odd Jarle Hjelle.
Os 2 - Hovding 7-1 (4-0)
Målskårarar, Os 2: Sander Kvittingen 3, Joakim Hovden 2, Steffen Ljosheim og Adrian Valle.
Både Kvittingen og Hovden var farlege på toppen. Men mesteparten av laget består av juniorar, og blant unggutane som viste seg ekstra godt fram i går var Ola Lekven Moberg og Steffen Ljosheim.
– Ola har vore ein del skadd i det siste og spelte berre éin omgang. Men han viste god form den omgangen vi brukte han.
Ein ny Simen Lassen?
Steffen sette inn 1-0 og serverte Adrian 7-0 på skolissa. Kanskje hadde ballen også gått inn om ikkje Valle hadde kome på lengste stolpe.
Unge Ljosheim har ein stil som kan minna om osingen og Åsane-spelaren Simen Lassen, med raske vendingar og god teknikk er han ein trygg og eksplosiv playmaker på midten.
– Han fekk ikkje vist seg så godt fram i kampen på fredag, så det var veldig kjekt å sjå at han gjorde ein så god kamp i går, seier Hjelle.
Klatrar mot toppen
Etter to tap i seriestarten har Os 2 no vunne tre på rad.
Med 9 poeng er dei ett poeng bak serieleiar Bergenskameratene, som rett nok har éin kamp mindre.
– Det er nok eit ønskje frå klubben si side at vi med tida skal rykka opp, men det er ikkje eit uttalt mål for sesongen, seier Odd Jarle.
– Men held vi fram som dette så blir vi vanskeleg å slå, legg han til.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.