– Bilda til Valtyrson kan vera naturalistiske eller surrealistiske. Han bruker ein 300 år gamal teknikk for å få djupne i bilda, fortel Harild.

Valtyrson til Os

Det blir dansk jazz og opningstale av kunstkritikar Borgen når utstilling av Erling Valtyrson opnar på Vedholmen Galleri.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Erling Valtyrson stiller ut i Os. Laurdag 30. september er det vernissasje på Vedholmen Galleri.

– Det er med stor glede at vi inviterer til vår andre separatutstillinga med Valtyrson, seier gallerist Vibeke Harild.

I konkurranse med 99 kunstnarar frå 35 land blei Erling Valtyrson, i september i år, tildelt russiske «Prize for adhering to the traditions and skills of graphical work». Valtyson har hatt ei rekkje utstillingar over heile verda, frå Paris til New York og Kobe (Japan).

I Noreg er verka hans kjøpt inn av blant andre Nasjonalgalleriet, Norsk Kulturråd, Museet for Samtidskunst, Bergen Kunstmuseum/KODE, og av HKH Dronning Sonja (privat samling).

Opningstalar frå Stavanger Aftenblad

Til vernissasjen kjem danske Mads Egetoft for å spela. Egetoft er ein ung jazzmusikar, utdanna ved Det Kongelige Danske Musikkonservatorium i København.

Opningstalen blir halden av kunstkritiker i Stavanger Aftenblad, Trond Borgen.

– Vi er stolte over at Borgen tar seg tid til å koma til Os for å opna haustutstillinga vår i Søre Øyane, seier Harild.

Naturalistisk og surrealistisk

Teknikken mezzotint er nærmast blitt Erling Valtyrson sitt varemerke, ein teknikk han haustar stor internasjonal merksemd og honnør for.

– Mezzotint er ein 300 år gamal teknikk innan djuptrykk. Denne gir god djupne i nyansar, noko som får fram mjuke overgangar i lys og skygge, forklarer Harild.

– Valterson har i hovudsak to typar motiv; studier og forestillinger. Dei kan vera naturalistiske eller surrealistiske.

Kritikaren Trond Borgen karakteriserer bilda til Valterson som «nattsvart stillhet».