Sport | 07. nov. 2014

Vann 6-0 i meisterfinalen

Os jenter 13 toppa ein solid haustsesong med å bli suveren meister i 2. divisjon.

Vann 6-0 i meisterfinalen
Blei meister: Os jenter 13 jublar etter 6-0 i finalen. Sjå øvst i artikkel for namn på spelarane. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 07. nov. 2014 09:10

På meisterlaget, bak frå venstre på bildet: Amanda Troøyen, Vilde Veglo (lånt opp frå 2002-årgangen), Michelle Beracis, Anna Martine Mjånes og Andrine Dale Fløysland. Framme frå venstre: Tuva Solberg, Sara Skaatun, Stina Borgen, Ida Blindheim og Caroline Lundgren.

Torsdag kveld spelte eit av dei to jenter 13-laga til Os Fotball meisterfinale mot Loddefjord.

Kampen gjekk på Alvøen og Os tok ein solid siger.

– I semifinalen slo vi Fotlandsvåg/Osterøy 7-0, i går var jentene like suverene og vann 6-0, fortel trenar Frode Lundgren.

– Vi har tydelegvis vore i ei ganske god avdeling, for vi hadde betre motstand i serien i meisterskapen mot vinnarane av dei andre avdelingane.

45 mål på 6 kampar

Jentene, som å år debuterte i niarfotball og fekk resultata ført i tabell, hadde ein god vårsesong, men mangla nokre gode spelarar til tre av kampane og hamna i sommar i 2. divisjon.

Der har dei nærmast gjort reint bord. Hausten starta med 20-0-siger (!) over Frøya.

Os vann 5 av dei 6 haustkampane og toppa si avdeling med målforskjell på sterke 45-8.

– Lover bra for framtida

Os har to jentelag i 13-årsklassen. Det andre laget hamna på 3. plass i si avdeling.

– No går årets jenter 16-lag opp og styrkar damelaget, årets jenter 14-lag, som tel over 20 spelarar, kom på 3. plass i si avdeling, og så kjem vår gruppe opp.

– Om vi tar godt vare på desse flinke ungdomane vil vi dei neste 2 til 5 åra kunna styrka damelaget yttarlegare, noko dei store jentekulla som kjem bak oss vil få glede av, seier Lundgren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.