Os Karateklubb hadde med seg nokre noregsmeistrar og tok ekstra mange førsteplassar i vestlandsmeisterskapen i helga. (Privat foto)

Vann alle klassane frå 12 år til senior

Jentene måtte nøya seg med sølv og bronse mens gutane frå Os Karateklubb blei vestlandsmeister i alle klassar.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

– I denne runden tok vi med noregsmeistrane våre. Sjølv om dei ikkje får så mykje matching på regionalt nivå, synest vi det er bra at dei yngre konkurranseutøvarane får sjå dei eldre i aksjon, seier hovudinstruktør for WIKF Norge, Cato Bruarøy.

– Henrik (Reed Larsen) visste visst ikkje at han blei påmeldt ein gong, men tungvektsnoregsmeisteren stilte opp.

Som venta vann han alle kampane 8-0 før tid. Finalen vann han på 28 sekund, etter at han tok seg tid til å laga litt show for publikum ved å skåra med avanserte teknikkar. 

Junioren Armin Palislamovic (17) vann suverent for sjette året på rad. Han tok også gull i kata (teknikk), der han er europameister i karatestilarten WIKF Wado Ryu.

- Armin er fleire gongar norgesmester i karate, og om 10 dagar skal han delta i NM i Bærum saman med lagkameratane.

Askvik og Kvamsdal vann kvar sin klasse

Benjamin Askvik Midtbø vann klassen 12-13 år, som vanleg etter taktisk god fighting, ifølgje Bruarøy. 

Sondre Kvamsdal vann klart i klasse 14-15 år.

– Han har hatt ein voldsom framgang dei seinaste månadane, og skåra på meir avanserte teknikkar enn tidlegare.

I 14-15 årsklassen fekk Tobias Hagen Røttingen 5. plass.

– Han har no taktiske arbeidsoppgavår på kvart stemne, og i Vestlandsmeisterskapen lukkast han med mykje, 

Lien vann i debuten

Erik Vilke Lien (9) hadde ein flott debut med siger i første kamp etter å ha skåra fem poeng.

– Han hadde to gode kampar og viste to gode kata. I klasse 8-10 år er det ikkje rangering, og alle får medalje. 

Bronse til Tiril, sølv til Anne

I damer junior tok Tiril Skønberg Haaland bronse.

– Ho vann første kamp klart, men kom bakpå i semifinalen og til slutt vart det «berre» bronsemedalje på den tidlegare norgesmeisteren.

Anne Fløtterud vann sølv i 11 årsklassen, der ho forstua ankelen i finalen.

• Denne gongen vart dette dei einaste medaljane i jenteklassene. Nærmast var Carmen Liliana Langbakk Bruarøy (12), som leia kampen heilt til det var 3 sekund att.

• Tuva Baggen (13) hadde fleire gode kampar, men enda på femteplass.

• Melina Solvang (12) hadde comeback etter skade og kjempa godt, men det vart ikkje medalje i den største klassen på stemnet. 

• Malene Askvik Midtbø var beste jente i 14-15-årsklassen førre stemne. Motstandaren var difor klar over nivået hennar, og klarte å demma opp taktisk. Dermed vart det ikkje medalje denne gongen.

Mariel vann alle kampane

Mariel Askvik Midtbø (10) vann som vanleg sine kampar heilt suverent før full tid.

- Ho er så god at ho dessverre ikkje får nokon reell motstand på stevnene på Vestlandet, og me får ikkje senda ho på stevner til utlandet før ho er 12 år. Også neste vår er ho for ung til å delta i NM, men sommaren 2018 blir ho endeleg klar for å konkurrera internasjonalt, seier Bruarøy.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Nesten vellykka pågriping

22. september 2017

Midtsiden var med heimevernet då ei gruppe «uønskt personell» skulle arresterast.

bilde-midtsiden

Hadde motorsag med på scenen

22. september 2017

Det blei blodig då dei spelte i Bergen på 90-talet. I morgon går Bastard Son Of Buddha på scenen hos Hanne’s.

bilde-midtsiden

Vi hevder oss bra

21. september 2017

Leserbidrag: Rosjef Eirik Vevatne oppsummerer Ungdomsmesterskap og Ulvenregatta.

bilde-midtsiden

– Ikkje rart barn mobbar

21. september 2017

– Når ein ser korleis vaksne oppfører seg i kommentarfelta, seier Gisle Hesjedal (Ap).

bilde-midtsiden

Pleiepengar til fleire

21. september 2017

Frå 1. oktober får ordninga med pleiepengar ei betydeleg utviding.