Sport | 08. jan. 2017

Vann årets første

Lågt tempo og få mål hindra ikkje Os i å ta heim to nye poeng etter møtet med Norrøna søndag.

Vann årets første
Osherrane fekk ein god start på vårsesongen med siger over Norrøna (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 08. jan. 2017 18:06

Søndag tok handballherrene til Os ein oppskriftsmessig siger då dei slo Norrøna 22-17 på bortebane.

– Det er nesten så du kan ta copy paste på førre referat mot Norrøna. Det blir som vanleg ein kamp med lågt tempo og mykje bom. Norrøna hadde den tidlegare toppkeeperen Jan Stankiewicz i mål og han er framleis ein fantastisk god keeper, seier Ostrenar Kenneth Husebø.

Kontrar dei senk

Etter 8-9 til pause og 11-11 etter vel 5 minutt ut i andre omgangen går det heile sju minutt før eitt av laga skårar igjen, og det er gjestane frå Os som i løpet av eit minutt kjem foran med to mål.

– Vi får etterkvart mange kontringsmoglegheiter og får forspranget der. Vi løper dei i senk, slik som vi ønskte før kampen, men vi brenn vel 60% av sjansane og skårer på berre 40.

– Jamnt over er det ein svak kamp frå oss, men det er ganske typisk når det er lenge sidan sist vi har spelt kamp. Eg frykta aldri sigeren i dag, seier Husebø som er klar på at dei må heva seg allereie neste helg når det er ny bortekamp mot Stryn. Stryn ligg på 2. plass, eitt poeng framfor Os, men med to kampar meir spelt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.