Vann bronse med begge J14-laga
Nore Neset, Søfteland og Lysekloster har stilt med sju samarbeidslag i Sør Cup i Kristiansand.
Bildeserie:
Nore Neset/Søfteland jenter 14 har i dag vunne to bronsefinalar i A-sluttspelet i Sør Cup.
– Jentene var delte i to like lag, der den eine gruppa spelte 11-ar, den andre 9-ar. Det er ei fin spelargruppe og det var veldig kjekt at dei to laga gjorde det like bra, seier Kine Lunde.
Ho trener jentene saman med Elna Larsson, Kjetil Laasby og Jan Tore Fjelltveit.
– Vi har 21 spelarar i stallen, 19 av desse var med på cup. Tidlegare i sesongen var vi litt fleire, så vi fekk utvida frå 4, som står i reglementet, til 7 jenter som kunne bidra for begge laga, forklarer ho.
Tapte og vann på straffekonk
Ellevarlaget vann to av tre innleiande kampar. I den tredje var det 0-0 til kort tid før slutt, så skåra Staal Jørpeland, som seinare i turneringa knuste Klepp 1 5-0 i finalen.
Nore Neset/Søfteland tapte 0-1 for Klepp i semifinalen, men vann bronsefinalen mot Austevoll 1-0.
Niarlaget vann pulja si med 9 av 9 poeng og 8-0 i målforskjell. Semifinalen gjekk til ekstraomgangar og straffekonk, der Lyn 1 vann 5-4.
I bronsefinalen mot Vadmyra blei det òg straffekonk, men denne vann Nore Neset/Søfteland.
Gutane vann B-sluttspelet
Også G14 stilte med eitt ellevarlag og eitt niarlag, Nore Neset/Lysekloster.
Begge hamna i B-sluttspelet, der gjorde det bra.
Ellevarlaget vann 1-0 og 3-0 før det i semifinalen blei 2-3-tap for Snarøya 2.
Niarlaget slo Klepp 1 5-0 i semifinalen og vann finalen 1-0 over Smørås.
Jamne kampar for 13-åringane
Gutar 13 hamna òg i B-sluttspelet. Der fekk dei seg ein fin 3-0-siger før dei rauk ut med 0-1 for Bønes 1 i 1/8-finalen.
Jenter 13 stilte med to lag, der begge hamna i B-sluttspelet og begge vann 1/8-finalane sine (3-1 over Smørås og 5-2 over Arna-Bjørnar 2).
I kvartfinalen blei det exit med knapp margin, det eine laget tapte 0-1, det andre laget tapte 1-2 etter skåring i ekstraomgangane.
I same sal på Vennesla
Dei sju laga var samla på Vennesla, der dei 13 og 14 år gamle gutane og jentene søv i kvar sin halvdel av ein gymsal.
– Vi har hatt strålande vêr og over 25 varmegradar. Spelarane har storkost seg, og fleire tok til tårene då vi i dag skulle heim igjen.
– Jentene fekk òg ein litt spesiell kamp, ein kamp mot Ecuador, der arrangørane har danna eit venskapslag med spelarar frå fattige område i ein storby.
– Det var ei veldig fin ramme rundt kampen. Lag frå Ecuador har vunne cupen tidlegare, men årets lag var ferskare, så då vi leia 3-0 la vi inn begrensingar, at jentene berre fekk lov å skyta med venstre fot. Vi ønskte at det skulle bli ei god oppleving for alle, fortel Kine Lunde.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.