Sport | 06. juli 2010

Vann gatecup på Tysnes

Espen Halhjem har i fleire år prøvd å samla saman eit lag som kan vinna MidtsidenCup. I år gjekk han til topps på Tysnes.

Vann gatecup på Tysnes
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 06. juli 2010 14:19

Halhjemskameratane, eller The Bodies, som Espen Halhjem kalte laget sitt under MidtsidenCup i fjor, har kome til kvartfinalar og semifinalar, men aldri vunne gatecupen som Os Turn Fotball arrangerer kvar haust.

Heller ikkje i Tysnes Sparebank Cup har han kome til finalen tidlegare år, men med årets lag, som hadde det eplekjekke namnet «Vinnaren av Tysnes Sparebank Cup 2010» enda det med eit resultat som ikkje gjer skam på namnet.

- Folk lo av oss på grunn av namnet, eller rettare sagt av meg, for til og med lagkameratane mine syntes det var drygt. Men eg visste at eg stilte med eit lag som var godt nok til å vinna, seier Espen Halhjem.

Med Os-kaptein på laget
Halhjem, som tidlegare har blitt diskvalifisert frå cupen på Tysnes grunna for mange aktive spelarar, var i grenseland også i år.

- To lag leverte protest, men eg blei skadd i foten før Søre Neset hadde sesongstart og Vegard Borgen la opp før første seriekamp, så det var berre Thomas Lindborg og Os-kaptein Stian Lunde som er aktive.

Finale avgjort på straffe
Laget frå Os møtte fjorårsvinnar Zlatans Artister i finalen. Toppskårarane på Os-laget, Espen og Stian, skåra kvar sitt mål før motstandarane reduserte og utlikna.

- Sjølvmål og frispark som blei slått før vi hadde fått på plass muren gjorde at finalen måtte avgjerast på straffekonk, fortel Espen.

Alle straffeskytarane frå Os, Stian, Thomas, Kay Roger, Vegard og Morten, skåra.

Klar for MidtsidenCup
Det er ikkje berre på Tysnes at Halhjem har planar om å nå til topps, i år skal han ha eit ekstra godt lag på gang til MidtsidenCup i september/oktober.

- The Bodies skal stilla sterkt i år, og eg trur det blir med eit lag utan spelarar som gjer at vi startar kampen med straffe imot.

Tittelforsvarar i herreklassen i år er T. Ullrich.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.