Kultur | 24. okt. 2016

Vann Hordaamatøren

Os Musikkforening blåste dei andre korpsa av scenen og vann i Grieghallen.

Vann Hordaamatøren
Nøgde ungdommar i Os Musikkforening etter sigeren i Grieghallen (privat foto)
Andris Hamremandag 24. okt. 2016 09:04

Laurdag arrangerte Noregs Musikkorpsforbund Hordaland Hordaamatøren i Grieghallen kor korps frå elitedivisjonen til 3. divisjon satte kvarandre i stemne.

– Vi speler i 2. divisjon og leverte etter eiga meining eit flott program. Vi var veldig nøgd med spelinga, fortel Ruth Elin Midtbø i ei melding til Midtsiden.

At dei hadde levert eit godt program under dirigent Espen Opedal meinte også dommarane. Dei gav nemleg Os musikkforening 103 poeng, tre meir enn Åsane Musikklag og Os kunne med det ta med seg sigeren heim i 2. divisjon.

Resultata i 2. divisjon

1. Os Musikkforening 95+8= 103
2. Åsane Musikklag 92+8= 100
3. Lungegaarden 89+6= 95

Gruppepris: Treblås Os Musikkforening
Instrumentalpris: Kornett, Åsane Musikklag på Hymn for Africa
Programpris: Åsane Musikklag

I elitedivisjonen vann Dragefjellet med 106 poeng, berre eitt poeng foran Manger.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.