Sport | 09. apr. 2017

Vann og sikra 4. plassen

– Eg er veldig godt nøgd med sesongen, seier Trond Førde Eriksen etter at handballdamene til Os slo Stryn søndag.

Vann og sikra 4. plassen
Thiet Dang blei toppskårar med seks mål mot Stryn (arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamresøndag 09. apr. 2017 16:10

Søndag avslutta handballdamene til Os serien med bortekamp mot botnlaget Stryn.

– Vi har full kontroll på kampen og er klart betre enn dei, men vi fell litt ned på deira tempo og roter litt innimellom. Dei er vanskelege å spele mot fordi dei er såpass svake, fortel Os-trenar Trond Førde Eriksen på veg heim frå Stryn.

Stryn - Os 17-26 (7-12)
Utv: Stryn eitt rødt kort og 1x2 min, Os ingen
Os sitt lag: Gry Nummedal 2, Emilie Halhjem 2, Hilde Kristine Røttingen, Line Hjelle Berentsen 5, Vibeke Ingebrigtsen, Bente Mjanger 2, Liv Lunde 3, Thiet Dang 6, Regine Sten 2, Tiril Grønvigh, Mia Torp Nielsen 4.

Sjå tabellen

Spelte for 4. plassen

Med siger mot Stryn ville Os sikre fjerdeplassen på tabellen. Det hadde dei få problemer med.

– I dag rullerte vi mykje på laget og lot alle få godt med speletid. Det viktigste var at vi vann, slik at vi sikra oss fjerdeplassen. I periodar av kampen speler vi veldig bra.

– Korleis oppsummerer du sesongen?

– Eg er veldig godt nøgd. Før neste sesong må vi jobba med å heve botnnivået vårt. Toppnivået vårt er veldig veldig bra, men det svinger for mykje mellom topp- og botnnivå, konkluderer Førde Eriksen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.