Sport | 31. aug. 2015

Vann opningscupen

Handballdamene vann opningscupen i Haukelandshallen i helga, no gler dei seg til å møta eliteseriespelarane frå Tertnes i NM-kamp onsdag.

Vann opningscupen
Damelaget til Os kunne jubla saman med små supportarar over sigeren i Åpningscupen i helga (privat foto)
Andris Hamremandag 31. aug. 2015 09:18

Det blei Os-jubel i Haukelandshallen i helga då damelaget vann den tradisjonsrike oppkøyringsturneringa Åpningscupen som Årstad inviterer til.

– Vi har spelt tidvis mykje bra håndball. Turneringa opna med at vi slo arrangørklubben Årstad 30-17 etter ein kamp kor vi meir eller mindre køyrde over dei, fortel assistent-trenar Gitte Torp.

Den andre kampen i innleiande runde gjekk mot Gneist og enda med 14-17-tap.

– Då blei det mykje rot frå vår sida. Det var nok det svakaste kampen vi hadde i turneringa, oppsummerar Torp.

Stengde bakover

Søndag var det sluttspel, kor Os møtte Åsane i kvartfinalen.

– Det var ein veldig grei kamp frå vår side, kor vi igjen køyrde over motstandaren. Vi vann tilslutt 28-14.

I semifinalen var det dei tidlegare Bjarg-jentene som no utgjer Fana sitt 2. divisjonslag som sto på motsatt banehalvleik.

– Fana møtte vi då vi var på treningsleir i Strandebarm tidlegare i månaden og spelte jamnt med dei då. I semifinalen lot vi dei ikkje sleppa til i det heile tatt.

– Trond (Førde Eriksen, red.mrk) har fokusert mykje på korleis han vil at jentene skal spela forsvar. I denne kampen viste dei at dei har skjønt kva Trond har snakka om. Dei spelte fantastisk bakover. Eg trur Fana berre skåra éin gong i løpet av det første kvarteret og berre to gonger i løpet av heile den første omgangen, fortel Torp om kampen Os vann 14-6.

Jamn finale

I finalen møtte Os igjen Gneist som dei tapte med tre mål mot i den innleiande kampen.

– Finalen blei jamn kor vi låg eitt mål foran og Gneist kom ajour, gang på gang. Det blei ein slitesiger, kor vi rotar litt for mykje. Mellom anna trur eg vi hadde fem eller seks 100%-sjansar vi brenn. Vi vinn 17-15, men burde ha vunne meir.

Gler seg til Tertnes-kamp og seriestart

Sigeren i opningscupen viser at Os-damene har trent godt i sommar og står godt rusta før hausten.

– Det var ein fin opptur. No går vi inn i serien og ikkje minst NM-kampen mot Tertnes med sjølvtillit. Det skal vel eindel til for å slå bronsevinnarane frå eliteserien i fjor, men vi skal i allefall gjera det vi kan for å gje dei god kamp.

– Laget byrjar å få satt seg. Det ser lovande ut før seriestarten, avsluttar Gitte Torp.

NM-kampen mot Tertnes går i Oshallen onsdag kl 19.00. Første serierunde er borte mot Sotra i Sotra Arena om nær tre veker.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.