Sport | 01. mars 2010

Vann pulkløp på 110 km

I det som truleg er verdas første løp med pulk kom osingen Thomas Andersen i mål utrulege 11 timar før nestemann.

Vann pulkløp på 110 km
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 01. mars 2010 18:55

Bildeserie:

1 av 4

Thomas Andersen, som i fjor vann Vøringsfoss Race, var suveren på det som truleg er verdas første pulkløp. Andersen brukte berre 27 timar på det 110 kilometer lange løpet frå Skinnarbu i Telemark til Garen ved Eidfjord, der deltakarane hadde pulk med last på til saman rundt 50 kilo på slep.

- Store delar av turen gjekk i djup puddersnø, noko som gjorde det litt tyngre for meg som gjekk fremst, seier osingen som vann løpet 11 timar framfor nestemann.

Løpet skulle vore 105 km i luftlinje, men blei forlenga i ny trasé rundt nokre reinsdyr.

Liker lange løp
Det er ikkje mange år sidan Thomas Andersen kubba røyken og trappa opp treninga. På kort tid har han vist at han både har talent og vilje av stål. I fjor blei det andreplass i Rett Vest og overlegen siger i Vøringsfoss Race, i helga vann han det arrangørane kallar verdas første pulkløp.

- Eg var innom nettsidene til Vøringsfoss-arrangørane og oppdaga pulkløpet, som såg ideelt ut for meg, seier Thomas, som liker seg best på lange, harde distansar.

- Løpet er det hardaste eg har vore med på, tøffare enn Trondheim-Oslo òg. Men eg var godt førebudd, både treningsmessig og med planlegging av sjølve løpet.

Bossekk med startnummer
Dagen før start måtte deltakarane vise at dei både kunne fyra opp primus og setja opp telt. Arrangørane gjekk også nøye gjennom alt dei hadde med seg.

- Vi fekk bossekk med startnummer på, all emballasje skulle tilbake. Å arrangera løp i nasjonalparken krev strenge reglar.

Kompasset til Amundsen
Ifølgje Andersen skal den kjente polfararen ha prøvd å kryssa Hardangervidda to gongar utan å lykkast. Dette var ei av årsakane til at Thomas ville prøva seg.

- Det eine av tre sjekkpunkt var ei hytte der Amundsen stoppa på veg tilbake frå det eine forsøket. Den gong heldt han på å svelta ihjel, så han bytte kompasset sitt med mat. Dette kompasset fekk eg halda, det var stort.

Alle deltakarane måtte kvila i 8 timar på det eine sjekkpunktet.

- Starten gjekk klokka 10 torsdag, klokka 4.20 var eg framme der vi skulle kvila. Det var spesielt å gå i mørke, etter kart og GPS.

Etter å ha brukt 16,5 timar på første del og lagt i ro i telt i 8 timar brukte Thomas 10,5 timar på siste del. 35 timar etter start var han i mål.

Pulk nummer tre
Etter blant anna å ha brukt 5 timar på å kjempa seg opp ein motbakke i djup snø, med pulken hengande på skrå ned i det smale sporet, rista Andersen av seg fleire deltakarar, også representantar for Skigutane, som eig fabrikken som har produsert skia til Andersen.

- Eg gjekk på Åsnes-skia som heiter Amundsen og fekk god bruk av nokre smøretips eg fekk av ein eg møtte ved slump då eg trente til løpet.

- Gutane frå Skigutane var ikkje mine hardaste konkurrentar, to frå Telemark, som var godt kjent i området der vi starta, var ei stund 8 timar bak. Men av ei eller anna årsak klarte eg å auka leiinga så dei kom rundt 11 timar etter meg i mål.

Saman med heider og ære vann Thomas ein pulk då han gjekk inn til siger.

- Eg hadde ein pulk frå før og kjøpte ein ny før løpet så no har eg tre, seier trebarnsfaren, som også har meldt seg på ulike løp og sykkelritt utover sommaren.

Ekstern lenkje:
Arrangørene si heimeside, om løpet

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.