Sport | 25. aug. 2016

Var suverene i finalen

Arne, Erling og dei andre i den norske dobbeltfiraren var uslåelege i C-finalen i U23-VM.

Var suverene i finalen
Den norske båten etter målgang og sigeren i C-finalen (foto: Noregs Roforbund)
Andris Hamretorsdag 25. aug. 2016 10:16

Etter eit tøft forsøksheat på 6.12.900 og eit oppsamlingsheat på 6.01.650, senka den norske båten med Adrian Lindgren (Tønsberg Roklubb), Arne Hadler-Olsen (Os Roklubb), Jørgen Mjøs Nilsson (Tønsberg Roklubb) og Erling Øyasæter (Os Roklubb) tida si til under seks minutt då dei var suverene i C-finalen torsdag formiddag.

I finalen rodde dei dei 2000 metrane på 5.59.640 og knuste dei tre andre båtane. Lativa var nærast på 6.06.810, framfor Kazakstan 6.09.110 og USA 6.23.200.

– Eg har ikkje snakka med gutane enno, men frå tribunen såg det ut til å vera eit godt løp, fortel Arne sin far, og tidlegare trenar, Audun Hadler-Olsen.

Forholda på rostadioen i Amsterdam var i dag gode både for utøvarar og publikum med sol, 30 grader og lite vind.

Sjå innspurten til den norske båten på Os roklubb si facebookside.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.