Sport | 15. sep. 2012

Varma opp med 616 trappetrinn

I morgon skal dei springa Langedalen Opp, i dag tok Andreas Søfteland, Klas Færøvik og Geir Skaten fine plasseringar i Munketreppene Opp i Hardanger.

Varma opp med 616 trappetrinn
F.v.: Andreas Søfteland, Klas Færøvik og Geir Skaten på toppen Nosi i Hardanger. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 15. sep. 2012 18:25

Søndag ser eit nytt motbakkeløp dagens lys, Langedalen Opp er 2000 meter lang og har ein høgdeforskjell på rundt 150 meter.

Andreas Søfteland frå Søfteland TIL er med å arrangera løpet, og har sjølv plan om å delta. Men førebuingane blei i hardaste laget.

– Vi var tre løparar frå Os, eg, Geir Skaten og Klas Færøvik, som bestemte oss for å prøva oss opp Munketreppene, fortel Andreas.

Munketreppene Opp er ein tur som tar rundt 4 timar i vanleg gangfart.

Turen tar deg frå båthamna i Lofthus rett forbi fjelltoppen Nosi, ei 5,5 km lang løype med høgdeforskjell på 1000 meter.

616 trappetrinn er del av løypa som dei sprekaste bruker ein knapp time på.

Geir Skaten var beste frå Os og landa på 3. plass. Andreas fekk 5. plass og Klas 11. plass.

– Eg er veldig nøgd med tida og plasseringa, seier Geir Skaten, som blant anna vann første versjon av Liafjellet Opp for nokre år sidan.

– Det var hardt, men vi er framleis gira på Langedalen Opp i morgon, lover Andreas.

Les meir om Munketreppene Opp på munketreppene.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.