Lokal | 15. apr. 2014

Varmgang i klubbhuset

Os brannvesen rykte i går ut til Halhjem, Os sentrum og Os Aero Klubb sitt klubbhus.

Varmgang i klubbhuset
Hadde det ikkje vore folk i Os Aero Klubb sitt klubbhus i går så kunne det ha brote ut brann. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 15. apr. 2014 07:41

Måndag formiddag fekk ferja Bergensfjord ei trosse fast i trusteren (baugpropellen). Ferja fekk lagt fint til land, og fekk hjelp av dykkarar frå Os brannvesen til å få tauet laust.

– Det er dessverre eit hyppig problem med mykje tau og anna drivgods i fjorden. Maskinisten på ferja fortalte at dei ofte ser tau som ligg på rek utanfor innseglinga til Halhjem, i tillegg får vi meldingar om alt frå tau og rør til heile forskalingssystem som ligg på rek.

– Eg håper både båtfolk, oppdrettarar, og dei som driv med byggeaktivitet i strandsonen blir flinkare å sikra tinga sine. Er du i båt og ser ting på rek håper eg også du tar deg tid til å slepa det til land, eventuelt å melda ifrå, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Tre utrykkingar til Brugata

Dei siste vekene har det vore tre utrykkingar til Handlegården i Brugata, alle av ulike årsaker.

– Først var det byggeaktivitet som utløyste alarm og i helga var det tørrkoking. I helga var vi også ute på tørrkoking i Gamleheimshagen.

I går var det brann i eit askebeger/bosspann utanfor NAV som førte til at røyk kom inn i lokalet og utløyste alarmen.

– Det var heldigvis folk i klubbhuset

Måndag ettermiddag rykte brannvesenet ut til Vaksinen og klubbhuset til Os Aero Klubb.

– Vi fekk melding om varmgang i eit lysarmatur. Kondensatoren i systemet hadde ein feil og armaturen gjekk så varm at det dryppa varm olje ned på eit bord.

– Heldigvis var det folk i klubbhuset, og vedkomande fekk slått av straumen og varsla oss.

Aeroklubben har fleire lysarmaturar av same sort og vil no gå gjennom alle for å sjå om det er behov for å skifta dei ut.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.