Næringsliv | 06. apr. 2017

– Vårt første prosjekt på Os

Kjøpar av gamle Os barnehage er eit firma frå Paradis.

– Vårt første prosjekt på Os
Gamle Os barnehage med tilhøyrande 5,8 mål tomt er selt til Konseptbygg AS frå Bergen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 06. apr. 2017 07:37

Bildeserie:

Tomta ligg nær Os sentrum. (Foto: KVB)
Tomta ligg nær Os sentrum. (Foto: KVB)
Her blir det plass til 35-40 leilegheiter. (Foto: Os kommune)
Her blir det plass til 35-40 leilegheiter. (Foto: Os kommune)
1 av 2
Tomta ligg nær Os sentrum. (Foto: KVB)
Her blir det plass til 35-40 leilegheiter. (Foto: Os kommune)

I førre veke blei den 5,8 mål store tomta til gamle Os barnehage selt. Eigedomen hadde prisantydning 15 millionar kroner, og det var bodrunde før kjøpssummen passerte denne prisen.

Kjøpar er Konseptbygg AS frå Paradis i Bergen kommune. Selskapet, som via Konseptbygg Holding AS er eigd 100 % av Arne Inge Dalseide og Svein Fløysand, har drive med eigedomsutvikling i over 25 år, dei siste tre med milliardskonsernet Dalseide og Fløysand som eigarar.

– Fleire prosjekt tar vi heilt frå den spede start, med plan og regulering, fram til kontrakt med kjøpar via eige salsapparat, seier styreleiar Dag Magne Vedvik.

– Akkurat no har vi rundt 600 bustadar i eitt eller anna stadie, og tre prosjekt som ligg ute for sal, i Nesttunbrekka og på Søreide og Landås, ramsar han opp.

Vil ha rask prosess på Os

Eigedomen i Stegen ved os sentrum er deira første i Os kommune.

– Vi har vurdert ei stund å bevega oss utanfor grensene til Bergen kommune, og då dette sentrumsnære området kom for sal så slo vi til.

Konseptbygg vil tidleg i gang med arkitektur og prosjektering for raskast mogleg å få rammeløyve og koma i gang med sal og bygging.

Kanskje noko for nyetablerarar

Vedvik ser for seg at det vil koma 35-40 leilegheiter på tomta, i tråd med resultata frå moglegheitsstudie Os kommune har fått gjennomført (som sa 38 leilegheiter).

– Tomta er skrå, også i bakkant, men eg trur vi vil halda oss på to til tre etasjar over parkering, i det vi kallar «lett-blokk».

– Kva storleikar vi legg oss på vil avgjera mengda. Vi har nokre tankar om leilegheiter i nyetablerar-prisklasse, det er mogleg at desse passar inn på delar av prosjektet.

Kan bli fleire prosjekt i kommunen

Både før og etter at dei viste interesse for eigedomen i Stegen har Konseptbygg vore i kontakt med eigarar av andre område i Os.

– Det har gått begge vegar, fleire har kontakta oss med det dei har å by på. Vi gler oss til å koma i gang i Os, og det er mogleg at det blir fleire prosjekt i same kommune om ikkje så lenge, seier Dag Magne Vedvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.