Kultur | 16. aug. 2017

Vedholmen fekk velja først

Desse orda frå Vibeke sjarmerte Willgohs, som laurdag stiller ut på Vedholmen for fjerde gong.

Vedholmen fekk velja først
Willgohs på Vedholmen i 2011. I dag er han tilbake i samband med montering før vernissasje laurdag (frå kl 14). (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 16. aug. 2017 06:11

Kunstnar Jan Erik Willgohs er utdanna ved Statens Kunstakademi, Oslo og Konsthøgskolan i Stockholm, og har ein Master fra Royal College of Art, London. Han lager si eiga maling og han blir sett på som ein av Noregs dyktigaste nolevande koloristiske malarar.

Då han i 2011 stilte ut ved Vedholmen Galleri for første gong, fortalte han om kvifor han fatta interesse for Vibeke Harild og Peter Marron sitt vesle galleri i Os-skjergarden.

– Så poetisk! Så flott å bli omtalt på denne måten, sa Willgohs etter å ha referert til eposten frå Vibeke:

«Arbeidene er en fryd for øyet og nektar for sjælen, med en tyngde som slår benene væk på den som ser.»

Vibeke syntest den gong det var neste uverkeleg å ha Willgohs i galleriet. – I fem år har eg gått i ring og hatt han på ønskjelista mi. Den du beundrar mest er gjerne den som er mest vanskeleg å nærma seg, sa ho til dei mange som kom på vernissasje.

Laurdag, som del av Kystsogevekene, opnar han ei ny utstilling i galleriet på Sundøy.

– Willgohs opnar ei stor separatutstilling på Blåfargeverket utanfor Oslo i september, med heile 80 maleri. Vedholmen Galleri var så heldige at vi fekk velja først, seier Harild.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.