Lokal | 15. juli 2016

Vegvesenet går ut med anbefaling

E39 Aksdal-Bergen: Det siste døgnet har fleire kome med krav om offentleggjering. Her seier SVV blant anna korleis dei vil landa vegen i Os.

Vegvesenet går ut med anbefaling
Alternativa til trasé over fjorden og vidare til Svegatjørn. (Skisse: Statens vegvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 15. juli 2016 13:55

Bildeserie:

(Skisse: SVV)
(Skisse: SVV)
Tabell frå rapporten. (SVV)
Tabell frå rapporten. (SVV)
1 av 2
(Skisse: SVV)
Tabell frå rapporten. (SVV)

Kostnadssprekk for gigantprosjekt holdes hemmelig, skreiv NRK.no torsdag.

Dei fortalte vidare om korleis konsekvensutreiinga ikkje var offentleggjort og brevet til Veidirektoratet ikkje ein gong var ført i postjournalen.

– Hemmeleghald av kostnadssprekk og val av brukonsept høyrer ikkje heime i eit demokrati som Noreg, sa Glenn Erik Haugland (V) i ei melding til Midtsiden torsdag kveld.

– Dette er eit arbeidsdokument i administrasjonen, som om rådmannen i Os kommune trengte fagleg kommentar til ei sak han skulle ha ut på høyring. Det er heilt greit, men eg kontakta departementet torsdag og spurde om ikkje dei burde offentleggjera dette for å unngå nettopp denne typen mistenkeleggjering, seier ordførar Terje Søviknes (Frp).

Fredag ettermiddag kom offentleggjeringa.

«Vi har valgt å offentliggjøre brevet fra SVV. Det ligger vedlagt. Dette er en anbefaling fra SVV som regjeringen ikke har vurdert enda» skriv Toril Charlotte Ulleberg Reynolds, politisk rådgjevar i Samferdselsdepartementet i ein epost til blant andre Terje Søviknes.

Samandrag og kostnadsoverslag

I brevet frå Statens vegvesen, signert avdelingsdirektør Gyda Grenstad, står det blant anna:

Statlig kommunedel plan - E39 Stord - Os - Oversendelse av sammendrag og kostnadsoverslag til godkjenning

«Statens vegvesen Region vest har ut arbeidet forslag til kommunedelplan med konsekvensutredning for statlig kommunedel plan E39 Stord - Os. Vedlagt følger sammendrag av plan forslag med anbefalt trasé og begrunnelse fra Statens vegvesen. Vi redegjør gjerne for planforslaget og vår anbefaling i et møte dersom departementene ønsker dette som grunnlag for sin beslutning mht. å legge planforslaget ut til offentlig ettersyn. Videre samarbeid kan og avtales i et slikt møte. Det er laget et notat som redegjør for kostnads økningen. Det følger vedlagt.»

Tilrår tunnel frå Øyane til Os

I notatet, som er på 10 sider, anbefalar SVV følgjande alternativ:

«Frå landingspunktet til brua over Bjørnafjorden tilrår Statens vegvesen tunnel til Moberg (vestre linje), vidare veg i dagen og kryss på Svegatjørn. Av- /påkopling mot sør frå Moberg vil gje ein god samfunnsøkonomisk nytte samt avlasting av trafikken gjennom Osøyro. Vi frårår veg/bru/tunnel-løysing via Halhjem. Dette først og fremst på grunn inngrep i det viktige frilufts - og hytteområdet samt meirkostnad er.»

Midtsiden kjem tilbake med meir frå samandraget.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.