Vel blåst!
Video og bildeserie: Skulekorpsmusikantar styrka musikkforeningen i Oseana.
Bildeserie:
I helga inviterte Os musikkforening barn og ungdommar som speler blåseinstrument og slagverk til eit inspirasjonsseminar kalla Ung Blås på Nore Neset Ungdomsskule.
– Dei har vore samla på Nore Neset sidan fredag. Tilsaman har det vore 100 små og store musikantar med. Fredag fekk dei utlevert notene og satte i gang med å øva fram til dagens konsert, fortalde konferansier Karl Ole Midtbø då dei satte i gang i Oseana søndag.
Inspirasjon og venskap
Ungdommane har kome frå skulekorpsa i Os, Fusa og Samnanger og har i tillegg til å få instruksjonar frå profesjonelle musikarar kost seg på tvers av kommune- og korpsgrenser.
– Håpet er å gje ungdommane ei inspirasjon ved at dei får spele i eit stort korps med full besetning. I tillegg til at dei blir kjende med musikantar i nabokommunane, forklarer Marit Aasheim Valle.
Musikalsk leikenheit
Av instruktørane musikkforeninga hadde fått med seg fann ein mellom anna Eirik Gjerdevik får Fusa, til dagleg tubaist i Forsvarets musikkorps. Gjerdevik viste seg å vera meir enn berre ein habil tubaist, han er òg ein stor skøyer, noko som kom godt fram då han var solist med dei unge musikarane på Carneval de Venice, som i denne utgåva blei parra med Min hatt den har tre kanter.
Aspirantane som utgjorde superkorpset briljerte både med eigne stykkjer og ikkje minst med song og papirhattar då Gjerdevik spelte opp.
Konserten blei leia av dirigent Marius Fevang Thorstensen, superkorpset blei leia av Berit Hella Lindberg.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.