Lokal | 09. nov. 2011

- Velkommen om bord

«HV Magnus Lagabøte» besøkte tysdag og onsdag Øyane. - Interesserte er hjarteleg velkommen til å koma om bord der vi kjem, seier skipssjefen.

- Velkommen om bord
Andris Hamreonsdag 09. nov. 2011 14:24

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 6
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Heimevernet fekk i mars sin nyaste båt «HV Magnus Lagabøte» og har nytta sommaren til ettermontering av utstyr. Saman med søsterskipet «HV Olav Trygvasson» skal skipet patruljera norskekysten og vera eit viktig bindeledd mellom heimevernet sine styrker på sjø og land.

- Det er enorme strekk vi skal dekke frå Trondheim til svenskegrensa, så eit samarbeid med dei som bur langs kysten er viktig for at vi skal gjera ein så god jobb som mogleg, seier skipssjef Terje Rødahl.

Avhengige av kystfolket

I tillegg å sette heimevernet sine øvrige styrker er ei viktig oppgåve for «HV Magnus Lagabøte» å handheve Noregs suverenitet langs kysten.

- Vi er fullstendig avhengige av kystfolkets augne og øyre i høve til avvik frå normalsituasjonar.

- Difor sett vi stor pris på å få besøk når vi ligg til kai, anten folk kjem landvegen med båt og legg seg til skutesida for ein prat eller tips. Vår viktigste oppgåve er å vera bindeleddet mellom sivile og forsvaret langs kysten, fortel skipssjefen.

Viktig for rekrutteringa

Ombord er det ei fast besetning på 3 offiserar, 4 sivilt tilsette og 4-6 menige.

- Vitjingane våre langs kysten er òg viktige for å rekruttera ungdommar som skal inn til førstegongsteneste.

- Her treff vi gjerne båtvante ungdommar som kan tenke seg ei teneste til sjøs. Om du er i den kategorien er det berre å stikke innom, reklamerar skipssjefen.

Han lovar grundig opplæring i alt frå båtkøyring og sjømannsskap til røykdykking og våpen.

Tatt veldig godt imot

Tysdag klappa skipet til kai ved Hargun sitt anlegg på Sundøy.

- Dette er ei av få kaier utanom storbyane som er stor nok til å ta i mot oss.

- Når vi i tillegg blir motteke så godt som vi blir her ute er det ingen sak. Her stiller dei opp med tilbod om å låne utstyr og anna vi eventuelt skulle trenge, seier ein takksam Rødahl.

Flytande operasjonsrom

Grunnen til at dei låg ved Sundøy natt til onsdag var at dei venta på 20-30 soldatar frå HV si innsatsstyrke som var på øving på Ulven og som skulle øve vidare til sjøs.

- Vi går herfrå i dag og opp i det primære øvingsområdet kor vi mellomanna skal få drilla på å ha det antall mannskaper ombord som båten er bygd for.

- Vi skal i øvinga fungere som eit flytande operasjonsrom der aksjonar styrast og planleggast.

Skipssjefen fortel at «Magnus Lagabøte» har eit operasjonsrom likt det ein finn på forsvaret sine fregattaer og MTBer.

- Fordelen vår er at vi er rimeleg å drifta sammenligna med dei andre båttypane. Vi klarar oss eit heilt døgn på same mengde drivstoff som ein MTB brukar på ein time, forklarar skipssjefen.

Fakta om «HV Magnus Lagabøte»

  • 49,8 meter lang
  • vel 10 meter brei
  • 4 diesel/el-motorar på tilsaman 3600 hk
  • 15 tonns kran for løft og slep
  • marsjfart 10-12 knop
  • toppfart 16 knop
  • Minimumsbesetning: 7 mannskaper
  • Maksimumsbesetning: 38 mannskaper
  • Bygd i Szczecin, Polen
  • Privateigd, leigd av forsvaret for 15 år

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.