Lokal | 19. des. 2016

Ventar på betre vêr

Klatrestativet på Lyngheim har kome opp. No ventar kommunen på opphaldsvêr for å få lagt gummidekke under det.

Ventar på betre vêr
Klatrestativet på Lyngheim har kome opp, men er førebels sperra av med gjerder (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 19. des. 2016 14:32

Bildeserie:

Grunnarbeida er ferdige, men ein lyt ha betre vêr for å få lagt støtmattene under klastrestativet (foto: AH)
Grunnarbeida er ferdige, men ein lyt ha betre vêr for å få lagt støtmattene under klastrestativet (foto: AH)
Ei lita trampoline er felt ned i bakken (foto: AH)
Ei lita trampoline er felt ned i bakken (foto: AH)
1 av 2
Grunnarbeida er ferdige, men ein lyt ha betre vêr for å få lagt støtmattene under klastrestativet (foto: AH)
Ei lita trampoline er felt ned i bakken (foto: AH)

I formannskapet i oktober fortalde kommunalsjef for samfunnsutvikling, Aina Tjosås, at leikestativet på Lyngheim var satt i bestilling. No har det kome på plass, men framleis må små og store smørja seg med litt tolmodigheit.

Skal legga gummidekke

Etter å ha undersøkt med teknisk eining, som har jobben med å setta opp leikeplassen, fortel Tjosås at dei førebels ikkje har ein dato for når klatrestativet opnar.

– Vi har ikkje satt nokon dato grunna ustabilt vêr/temperatur. Den 14. desember blei vi ferdige med grunnarbeida, men sidan onsdag i førre veke har det ikkje vore temperatur/opphaldsluke som er god nok til å ferdigstilla det. Det er viktig å å få eit fint sluttprodukt, difor har det lagt litt på vent, var tilbakemeldinga Tjosås fekk.

Utfordringa er å få lagt eit gummidekke som sikring under klatrestativet. Dette treng stabilt vêr og ein viss temperatur før det kan leggast.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.