Kultur | 23. sep. 2014

"Verdas teiknelærar" til Os

Laurdag kjem alle born sin teiknehelt Øistein Kristiansen frå TV-showet Øisteins Blyant til Oseana. – Det blir eit heidundrandes show, lovar han.

"Verdas teiknelærar" til Os
Øistein er klar med blyanten i Oseana. (Foto: Earth Tree Media AS)
Kari M. Lyssandtirsdag 23. sep. 2014 11:32

Fleire hundre millionar born og vaksne verda over følger dagleg teikneprogramma til Øistein Kristiansen frå Fredrikstad.

– Eg arbeider med å inspirere born til å teikne verda rundt.

– Sidan 90-talet har eg laga inspirasjonsprogram på tv i mange land, og i 2007 kom programmet til Noreg, fortel Kristiansen.

Laurdag kjem han til Os med teikneshowet sitt, som på mange måter er eit miniteiknekurs i form av eit liveshow.

– Det blir teikning på måten borna kjenner igjen frå Øisteins Blyant på Barne-TV.

På tv i mange land

I 1993 etablerte Kristiansen mediaselskapet Earthtree, som har spesialisert seg på utvikling og produksjon av tv- seriar, app'ar og bøker for born, foreldre og pedagogar.

Sidan har han etablert seg som ein verdskjent teiknar, målar, forfattar og tv- artist. På sin eigen leikande måte har han fått norske og utanlandske born til å benka seg foran tv-en med blyant og papir og prøva å kopiera Øistein sine morosame teikningar.

Seriane hans har gått dagleg på tv i blant anna New Zealand, India, Kina, Malaysia, Singapore, Danmark, Tyrkia, Iran, Baltikum, Russland, Hviterussland og Ukraina.

Den viktigaste undervisinga

Kristiansen seier han har tatt på seg jobben med å inspirere mennesker verda rundt til å teikna.

– Eg har tatt rolla som verdas teiknelærar, og til no har vi nådd ut til 80 land og er i stadig vekst.

Teikning er den viktigaste undervisinga, men er undervurdert og blir ikkje tatt vare på i skular og barnehagar meiner Kristiansen.

– Vi mennesker er visuelle frå naturen si side, vi tenkjer med bilder og farger og det å få vera kreativ og få ut ideane sine gjennom teikning er viktig.

Blir masse humor

Kristiansen har vore på turnè i Noreg sidan mai.

I Oseana laurdag lovar han eit heidundrande teikneshow som skal vera morosamt med masse humor.

– Samstundes ligg pedagogikken i botn. Ungane skal få læra korleis dei teiknar på ein kreativ måte.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.