Lokal | 17. juli 2013

Ver(d)t å ta vare på

Dei siste åra har Os hamn vore utan sommarvert. – Eg fekk lyst til å ta jobben sjølv, båtfolket er verdt å vera vertskap for, seier Tove Tvedt Skarstein.

Ver(d)t å ta vare på
Tove tar ansvar og tar imot båtfolket med gratis avis, turistbrosjyre og litt reklame kvar morgon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 17. juli 2013 18:19

I fleire år frå starten på 2000-talet hadde Os kommune og Os Sentrumsforening sommarvertskap i Os, undgomar på sommarjobb som serverte gratis rundstykker og aviser om bord til båtfolket i Os hamn om morgonen.

– Det kjem mange båtar inn til Os kvar morgon og kvar ettermiddag. I går delte eg ut 20 posar, fortel Tove Tvedt Skarstein før onsdagens økt.

Tove er i utgangspunktet kvinna bak vertskap-ideen, og fekk nyleg for seg at ho kunne ta jobben sjølv.

– Tanken slo meg fredag, måndag var eg i gang, fortel ho.

Aviser, informasjon og reklame

Tove tar runden frå Oseana til Vindu mot Fjorden kvar morgon, på eiga initiativ og for eiga rekning. Men litt kan ho likevel tena på det.

– Eg har fått ein deal med Bergensavisen og kjøper eit knippe aviser kvar dag til spesialpris. Oppi posen har eg i tillegg brosjyren Osguide og eit kart der butikkane mine er merka av.

Tove eig S Tvedt AS, med dei tre butikkane jernvaren, leike- og hobbybutikken og damemote på Madam Ane.

– Eg ser båtfolket igjen inne i sentrum, både hos meg og hos andre. Men det viktigaste med stuntet er å ta imot alle gjestane som kjem med båt, seier Tove, som har plan om å halda fram som vertinne i cirka tre veker til.

Frå Os til Dyreparken

Blant båtgjestane som fekk snadderpose av Tove onsdag morgon var Wenche Marit Eide med mann, barn og barnebarn.

– Vi kjem frå Bømlo og låg til kai på Vedholmen natt til i dag. No skal vi på Os og handla litt, fortel ho.

I neste båt sto Lars Magnar Heggebø frå Ølen og tok imot avis og turistbrosjyre.

– Det plar alltid vera billig diesel her, men ikkje i år, ler han.

Turen går vidare til Mikkelparken i Kinsarvik – og til Kristiansand for å gå i Dyreparken.

– Det blei to netter her i Os. Det er veldig fin hamn, spesielt etter at det blei rusta opp innanfor den eine moloen.

– Kjekt med laks

Blant gjestane i hamna onsdag var Jasmin Schrøder med familie.

Dei var nesten ferdig med frukosten då Tove kom og banka på kalesjen.

– Vi har vore på Våge, på Tysnesfest, og skal vidare til Kinsarvik og Mikkelparken seinare.

– Eg må få seia at det er veldig fint her i Os og veldig kjekt å sjå på laksen som hoppar i hamna her, seier Jasmin.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.