Lokal | 24. mars 2012

– Vi bør velja kortaste veg

Ifølgje nye rapportar er bru over Bjørnefjorden mogleg å realisera. Det kan mange spara mykje pengar på.

– Vi bør velja kortaste veg
Jon Lund. Flytebru med høgbru innfelt. (Foto/ill: Kjetil Vasby Bruarøy/LMG Marin)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 24. mars 2012 08:12

Jon Lund representerte næringslivet på Stord då han fredag fortalte om rapportane om kryssing av Bjørnefjorden.Dette er del av arbeidet med ny ferjefri kyststamveg mellom Kristiansand og Trondheim.

– Det blei i starten jobba med tre alternativ i vårt område, ytre trasé over Austevoll og delar av Sotra, indre trasé over Tysnes, Fusa og Samnanger og midtre trasé, over Bjørnefjorden. Alternativet over Austevoll blei tidleg forkasta og bru over Bjørnefjorden har til no blitt sett på som usikkert og med høg kalkyle på pris, sa Lund til dei frammøtte på frukostmøte med næringslivet i Os.

Men for to-tre veker sidan kom to rapportar frå selskapa næringslivet på Stord og Bømlo har engasjert, LMG Marin og Akvator, som både seier at brua kan byggast og at den kjem til å kosta fem milliardar, altså halvparten av det vegvesenet til no har trudd.

Verdas lengste

Ei bru over Bjørnefjorden vil bli cirka 5 kilometer lang, noko som blir verdas lengste.

Det er teikna inn ei høgbru på delar av strekket med opptil 45 meter seglingshøgde. Den kan plasserast midtfjords, men Lund ser for seg at den kjem i nordenden, altså nærmast Os.

Les òg: Må brua landa i Øyane?

– Vi meinte at vi, med den kompetansen norske bedrifter har med installasjonar i Nordsjøen, ville klara å laga ei god utgreiing. Og det har LMG Marin med Marintek og Akvator med Multiconsult gjort. Kjeda bru blir ikkje aktuelt, men flytebru kan gjennomførast.

– Sjølv om denne blir verdas lengste er det ingenting med Bjørnefjorden, verken djupne, vêr eller bølgjer, som tilseier at brua ikkje vil takla forholda.

Viktige fordelar

• Midtre trasé med bru er 20 kilometer kortare enn indre trasé og vil gje 15 minutt kortare reisetid mellom Stord og Bergen enn alternativet indre trasé over Fusa og Samnanger.

• Løysinga med bru kan basera seg i større grad på eksisterande veg, berre 23 kilometer med ny veg må byggast mot 64 kilometer ny veg på indre trasé. På indre trasé trengs også tre nye, store hengebruer.

• Midtre trasé gjer at Austevoll effektivt kan koplast på den nye kyststamvegen med eiga ny hengebru med hovudspenn på 1250 meter.

Hovudårsaka til at Stord og Bømlo står på for å få kryssing av Bjørnefjorden med i vurderinga er at dei ser store fordelar med å velja kortaste veg.

– Vi har mange bedrifter som driv i ein marknad med stor internasjonal konkurranse. Kostnadar til transport er éin ting, ein annan ting er arbeidskraft, tilgang på kompetanse, på god arbeidskraft innan pendlaravstand, sa Lund.

Forskjellen på 60 og 45 minutt kan vera avgjerande for potensielle arbeidstakarar, om desse aksepterer pendlaravstanden eller ikkje.

Tre gongar høgare gevinst

Ein annan faktor, som vegvesenet har fått folk til å sjå på, er langsiktige endringer i samfunnet, makroøkonomiske forhold.

Prosjektleiar Olav Ellevset fortalte om dette under eit møte med Frp i Os før jul. Når betre infrastruktur skaper kortare avstand mellom folk, mellom konkurrentar, mellom arbeidstakarar, kan det ha fleire gunstige effektar, blant anna grunna auka konkurranse mellom bedriftene.

Ein rapport dei hadde fått utrekna viste at samfunnet samla sett vil spara 3 milliardar i året når det blir ferjefritt mellom Stord og Bergen, om indre trasé blir valt. Om det i staden blir bru over Bjørnefjorden vil samfunnet spara meir enn tre gongar så mykje, 10 milliardar kroner.

– Ei stor sak for Os

Før Lund fekk ordet sa ordførar Terje Søviknes at han meiner saka om traséval og bru over Bjørnefjorden burde vore ei sak osingane ville engasjera seg i, sidan spørsmålet kan få mykje å seia for Os i tida som kjem.

– Om eit år eller to kan avgjerd bli fatta. Før den tid bør vi i Os seia kva vi meiner.

Samferdsledepartementet skal i løpet av året ta stilling til kva trasear som skal prioriterast for neste nasjonale transportplan-periode 2014–2019, og som stortinget skal ta stilling til våren 2013.

– Dette er eit stort vegprosjekt som involverer fleire enn kommunane rundt Bergen, vil det ha noko å seia kva vi meiner? spurte Midtsiden.

– Om indre trasé blir valt blir det vanskeleg for Os åleine å seia noko, då må ein god porsjon lobbyverksemd til. Men om valet fell på bru over Bjørnefjorden, og vi er imot det, så kan vi protestera. Vi lokalt skal stå for reguleringsplanar, men du har rett i at prosjektet er stort og at vi ikkje er garantert å bli høyrt.

– Burde fått presentert begge alternativ

Tidlegare lokalpolitkar for Venstre i Os, Tore Rykkel, representerte BKK på møtet i går. Han meinte at begge traséval burde blitt presentert under møtet med dei næringsdrivande i Os.

– Indre trasé har fleire fordelar den òg, både for kommunane Fusa og Samnager, og for Bergen, som kan få ny godshamn inne i fjorden med i pakken, sa Rykkel.

– Det var også planen å få begge presentert, men det passa dessverre ikkje for vegvesenet i dag, sa Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.