Lokal | 17. nov. 2013

– Vi håper dette er ein glipp

– 240 båtar får svi om ikkje regjeringa snur, seier Helge Andersen frå MS Midthordland.

– Vi håper dette er ein glipp
MS Midthordland er blant dei rundt 240 veteranbåtane som får svi om ikkje dei borgarlege justerer på budsjettet. (Arkvifoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 17. nov. 2013 20:33

Dagleg leiar i Det Midthordlandske Dampskibsselskab A/S, som eig MS Midthordland og MS Skånevik, Helge Andersen, seier han håper slettinga av tilskotet dei raudgrøne hadde i sitt framlegg til stadsbudsjett er ein glipp.

– Verna skip, historiske industrianlegg og museumsjernbanar har lenge hatt ei ordning med refusjon av CO2-avgifta. Dette var ein fin måte å visa at staten set pris på den store frivillige innsatsen som blir gjort med å ta vare på viktige kulturminne.

MS Midthordland, MS Skånevik og rundt 240 andre verna båtar har fått tilbake avgifta ut frå kor mykje diesel kvar båt har brukt per år.

– Stoltenberg & Co gjekk for ei omlegging av ordninga, men erstatta refusjonsordninga med eit tilskot på til saman 7 million kroner på Miljøverndepartementet sitt budsjett (kap. 1429, post 80).

– Reknar med at det er ein glipp

Dei borgarlege skal ha fjerna den nye posten på 7 millionar kroner, som skulle vera ei forenkla omlegging, utan å gjenoppretta den gamle.

– For oss som bruker all vår fritid og mykje pengar på å ta vare på desse båtane, og på å farta rundt på kysten med dei gamle verna skipa og visa den oppvaksande generasjonen korleis ting blei gjort før i tida, er 7 millionar kroner ei tung bør å drassa på.

– Eg trur ikkje Stoltenberg sitt ønskje var å ramma oss og eg trur heller ikkje dei borgarlege vil straffa oss som driv med denne typen frivillig arbeid.

– Vi reknar med at dette er ein glipp, og har gjort fleire politikarar merksame på situasjonen, seier Helge Andersen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.