Lokal | 09. juli 2016

– Vi klarer ikkje ta unna alle kattane

Dyrebeskyttelsen Hordaland blir nedringt av osingar som finn heimlause kattar.

– Vi klarer ikkje ta unna alle kattane
Nokre av kattane som er funnen i Os og andre stadar i Hordaland den siste tida, med augebetennelse og med opne sår som må behandlast av veterinær. (Foto: Dyrebeskyttelsen/privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 09. juli 2016 07:19

Dyrebeskyttelsen Norge avdeling Bergen og Hordaland, fortel at dei blir oppringt og får epostar frå Os kvar einaste dag.

– Vi har nesten 160 kattar her nede no. Den siste månaden åleine har vi fått inn 50 kattungar, fortel Inger-Johanne Graff.

– Eg veit ikkje kva det er med den flotte kommunen Os, men saman med Lindås og Sotra skil Os seg ut i negativ retning når det kjem til dette med kattar som ikkje har det bra. Folk finn kattar med opne sår, augebetennelse og store flokar i pelsen.

Dyrebeskyttelsen har tatt i bruk Dyrenes hus Bergen, ein ombygd skule på Tertnes, som enno ikkje er heilt ferdig.

– No er kapasiteten sprengt. Vi håper folk blir flinkare til både å ta vare på kattane sine og til å finna eigarane i nærmiljøet før det går for langt.

– Sjekk Facebook!

Graff seier Dyrebeskyttelsen kan hjelpa til med feller og bur om sjuke eller skadde kattar skal fangast.

Ifølgje lov om dyrevern skal «enhver som påtreffer et dyr som åpenbart er sykt, skadet eller hjelpeløst, så langt som mulig hjelpe dyret.»

– Hugs at du ikkje kan ta med deg eit dyr berre fordi du trur at dyret er utan heim. Dyr vandrar i periodar, du skal gjera ein innsats for å finna eigar.

– Vi tar berre hand om dyr som er i nød, dyr som treng akutt hjelp.

Graff oppmodar dei som finn dyr om å gjera ein innsats i eige nærområde for å finna eigar, og ho oppmodar dyreeigarar både å leita og å sjekka Facebook-sida «Katter som er savnet eller funnet i Os kommune».

Katteeiga nekta å betala rekninga

I det komande Dyrenes hus på Tertnes er det òg veterinær. Her får dyra som kjem inn den hjelpa dei treng mens Dyrebeskyttelsen tar over med pleie og forsøk på å finna ny heim til dyra som treng det.

– Nokre gongar finn vi eigar sjølv om dyra ikkje er merkte. I januar hadde vi inne ein katt frå Os med eit stort sår på poten. Han fekk pleie for såret, AIDS-test, ormekur og vaksine.

– Då vi fann eigar nekta han å betala dei 1200 kronene veterinæren skulle ha for jobben og katten blei ikkje henta.

Ein annan katt frå Os som kom inn i februar (bildet oppe til høgre) hadde eit djupt, betent sår i hovud og nakke, truleg etter slåstkamp med ein annan katt. Huden rundt såret var betent og måtte skjerast vekk. Katten har det no bra og skal få seg ein ny heim.

Ikkje eit ferieproblem

Inger-Johanne trur ikkje at problemet med kattane i Os i særleg grad handlar om at folk reiser på ferie utan å få folk til å passa på katten sin.

– Meldingane kjem inn gjennom heile året. Det er tydelegvis for mange som får seg katt. Kattungar blir som oftast gitt vekk gratis, men det er viktig å hugsa på at dei blir vaksne og du har ansvar for dei heile vegen, også for ungane dei eventuelt får.

– Folk må ta ansvar. Resultatet blir dessverre ofte at dyra ikkje blir godt nok tatt vare på og talet på kattungar kjem ut av kontroll. Sterilisering, kastrering og ID-merking er hovudbodskapen vår, seier Inger-Johanne Graff.

– Det er ei glede å tilby ein eigarlaus skikkeleg behandling og ein ny heim. Men om dyreeigarane ikkje blir flinkare så blir det mange vi ikkje har kapasitet til å hjelpa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.