Lokal | 27. nov. 2014

– Vi må finna våre styrker

Plan- og utviklingssjef Aina Tjosås utfordra politikarane om Os sin veg vidare. – Kva skil oss frå dei andre kommunane, undra Tjosås.

– Vi må finna våre styrker
Plan- og utviklingssjef Aina Tjosås presenterte førsteutkastet til ny samfunnsdel i kommuneplanen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 27. nov. 2014 07:33

Kommunen er i gang med å rullera samfunnsdelen i kommuneplanen. Ein plan som skal trekke linene fram mot 2027.

– Vi må finna våre styrker som ikkje dei andre kommunane har.

– Det er krevande, og det betyr at seier vi ja til noko, så seier vi samstundes nei til noko anna.

– Vi må vera villige til å ofre noko, men vi må vita kva vi gjer, påpeika Aina Tjosås, plan- og utviklingssjef i Os kommune då ho presenterte førsteutkastet til samfunnsdelen i kommuneplanen for kommunestyret tysdag.

Påverkar kvarandre

Utkastet til den lovpålagte planen har blitt utarbeidd på tvers av avdelingane i administrasjonen.

– Det er slik at eg kan ikkje berre tura fram som eg vil.

– Dei tinga eg gjer får konsekvenser for den jobben Nils-Petter (Borge, kommunalsjef for helse, omsorg og beredskap, journ.mrk) skal gjera.

– Difor må vi sjå til sides og fange opp kva dei andre jobbar med.

– Spesielt viktig blir dette når vi skal sjå på kor og korleis Os skal veksa. Det er ikkje sikkert at den første tomta er den beste fordi det kjem andre ting seinare som kanskje har betre nytte av den tomta.

– Då byrjar det å bli vanskeleg – då må de ta eit val, utfordra Tjosås politikarane.

Fem hovudområder

I arealplanen er det lagt opp fem utfordringar med mål og strategier for å nå desse.

– Overordna så byggjer vi vidare på dei tidlegare samfunnsdelane med Os inspirerer som ledestjerne.

– Det som ligg i den strategien er godt innarbeida og fungerar.

– Når vi kjem til detaljane i samfunnsdelen så har vi delt dette opp i fem hovudområder, forklarte plansjefen.

Desse områda er:

  • Helse, omsorg og beredskapstenester
  • Barn, unge og oppvekst
  • Kunst, kultur og fritid
  • Næring og kompetanseutvikling
  • Areal, samferdsel, teknisk infrastruktur, klima og miljøvern
  • Kommunal organisering

Må sjå i glasskula

Utfordringa med planen er at ein ikkje veit korleis framtida ser ut.

– Om vi ser tjue år fram i tid. Kor skal vi plassera det neste omsorgssenteret etter at Luranetunet er fullt?

– Skal vi basera oss på frivilligheit i omsorgstenesta så må vi kanskje plassere det ein stad det er enkelt å koma til for frivillige.

– Korleis skal ungane våre ha det bra. Ei lita asfaltflate er gjerne ikkje det beste. Vi bør kanskje la ungdommane sjølv fortelja korleis dei vil ha det, korleis kan vi få til det?

– Det er krevande å driva frivillige lag og organisasjoner, kva kan vi i kommunen gjera for å løfte dei. Kan vi bidra på ein måte, undra Tjosås som døme på nokre av spørsmåla planen bør ta opp i seg.

Treng vi den?

Politikarane, som nettopp hadde nytta formiddagen på å høyre på fylkesmann Lars Sponheim fortelja om kommunereforma, stilte seg meir litt avventande.

– Vi blir beden om å sjå på korleis Os er i dag og korleis den skal bli i framtida.

– Men vi kan ikkje fri oss for tanken om at vi kanskje blir ei større kommune om kort tid. Er dette berre ein plan A som vi må forkasta når det eventuelt kjem ei ny kommune, undra Espen Aspenes (Frp).

Han fekk langt på veg støtte av partikollega Gustav Bahus.

– Vi har ein tendens til å lika veldig godt at vi har planer. Denne er vi lovpålagt, men det må vera eit verktøy vi kan nytta, påpeika Bahus.

Sjølv plansjefen kunne vera einig i at det av og til kan bli for mykje planar.

– Det er i få kommunar det skjer så mykje fysisk som på Os. Planane er ikkje til hinder for aktivitet, men vi må vera bevisste på kva planar vi har.

– Samfunnsdelen av kommuneplanen er pålagt, og får vi den teneleg så er det ein fordel.

– Jo betre dei øvste planane i hiearkiet er, jo betre jobb kan vi gjera, kommenterte Tjosås.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.