Sport | 20. okt. 2017

– Vi ser bra ut

Ruben Hetlevik ventar ein jamn kamp med høgt tempo mot Brann 2.

– Vi ser bra ut
Lyseklostertrenar Ruben Hetlevik stiller med ein sterk tropp i seriefinalen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 20. okt. 2017 12:43

Laurdag kan Lysekloster rykke opp igjen til 2. divisjon om dei slår Brann 2 og Os samstundes tar poeng mot Brattvåg.

– Vi er klar, slår Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik fast.

Kun Kasper ute

Hetlevik kan velgje mellom ein fulltallig og frisk tropp.

– Den einaste som vi ikkje har med oss er Kasper Hjørngaard. Han skal vera forlovar i eit bryllup, noko som var avtalt før han kom til oss. Eller så har både Martin Pedersen og Vladan Radojkic trent heile veka etter å ha vore ute i tre - fire månader. Denis Ljubovic og Mirza Muicic er òg tilbake etter karantene, så eg føler vi stiller med ein sterk tropp.

Høg kvalitet på treningane

Lyseklostertrenaren fortel om gode treningar den siste tida.

– Vi har eigentleg hatt seks veker meg høg kvalitet på treningane.

– De har ikkje blitt forstyrra av den støyen som har vore i media den siste tida?

– Nei, vi fokuserer på det vi held på med og kan ikkje bry oss med det vi ikkje kan gjera noko med.

Må prestera for å vinna

Om motstander Brann 2 er Hetlevik full av lovord.

– Eg trur det blir ein jamn kamp med høgt tempo mellom to gode lag. Brann 2 meiner eg har fått dårleg betalt for prestasjonane sine. Etter mitt syn er dei heilt feilplassert på tabellen. Dei burde ha vore topp fem. Dei er vel det laget som har høgst tempo på enkeltspelarar og best kapasitet.

– Vi må vera best av oss sjølv for å vinna i morgon.

– Kva tenkjer du om kampen mellom Os og Brattvåg då?

– Vi får ikkje gjort noko med den. Eg ønskjer både Os og Brattvåg lukke til, så får ferdigheitane avgjera.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.