Sport | 14. juni 2010

Viktig siger til Os 2

Os styrte store delar av kveldens heimekamp, men var nær på å gje vekk sigeren til Odda.

Viktig siger til Os 2
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 14. juni 2010 21:35

Bildeserie:

1 av 8

Os 2 - Odda: 3-2 (1-0)

Målskårarar, Os:
Ramo Racic, Vegard Leikvoll Moberg (straffe, sjå videosnutt) og Espen Kolås

I år er det berre dei 6 beste laga i kvar avdeling som held seg i 3. divisjon. I dag tok Os 2 viktige 3 poeng, i sin tredje siger på rad, og klatra til 5. plass på tabellen.

Ramo Racic gav Os 2 1-0-leiing etter rundt 15 minutt, ei stilling som heldt seg til pause i kampen mot eit anna lag frå rundt midten av tabellen, Odda.

Både resten av førsteomgangen og første halvdel av andre omgang hadde andrelaget til Os styringa og presset, men kom ikkje til så mange store sjansar.

Odda var farlege på kontringar, og då dei kom inn frå venstrekant, noko keeper Anders Solberg Strønen fekk merka. Gjestane utlikna til 1-1 og 2-2 på skot frå skarp vinkel.

Os tok tok 2-1-leiinga på straffe av Vegard Leikvoll Moberg, ein straffe som kom då Espen Kopperud skulle legga inn og ein Odda-spelar stoppa ballen med handa i 16-meteren.

Espen Kolås blei matchvinnar etter ein corner som Ramo Racic tok imot framfor første stolpe og flikka ut i feltet til veteranen som gjorde comeback i vinter etter nokre år i Baune.

På tampen av kampen pressa Odda hardt. Osingane klarte ikkje å halda ballen i laget eller spelet høgt, og måtte finna seg i å bruka dei siste fem minuttane på å forsvara seg på to cornarar og fleire angrep på eige bur. Men 3-2 heldt seg heilt inn og Os 2 tok ein alt i alt fortent siger.

Os 2 ligg no på 5. plass på tabellen, berre fire poeng bak serieleiar Voss (som Os 2 spelte 0-0 mot heime). Neste kamp går på bortebane mot Norheimsund før vårsesongen blir avslutta med heimekamp mot Brann 2 torsdag 24. juni kl 19.00.

SJÅ TABELL

VIDEO: Sjå Vegard Leikvoll Moberg gje Os 2 tilbake leiinga, 2-1 på straffe.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.