midtsiden

Vil avslutta i Oseana

Etter VM i Las Vegas i desember i år vil truleg Arne Thuen (56) legga opp. Men han vil også ha med seg NM på heimebane neste år – forhåpentlegvis i Oseana.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Torsdag, mai 6, 2010 - 07:45

Etter 20 NM-gull, 7 EM-gull og 6 VM-gull er Arne Thuen (56) snart klar for å legga opp.

Men først vil han ha med seg VM i Las Vegas og flest mogleg osingar i NM på heimebane – forhåpentlegvis i Oseana i 2011.

Slo Europas sterkaste
Då kroppsbyggar Frank Mjøs i 1988 ikkje kunne stilla til planlagt handbakduell med «Europas sterkaste mann», Torkel Ravndal, visste arrangørane på uteplassen Madam Ane kven dei skulle ringa til. Arne Thuen steppa inn som vikar og la den tidlegare verdsrekordinnehavaren i markløft i handbak.

– Eg hadde lagt opp som fotballspelar, så det passa bra å få ein ny idrett og hobby, seier Arne Thuen, som den gong var 34 år.

– Styrke er viktigast
Arne blei oppmoda av Ravndal om å stilla i NM, og osingen, som trente styrke frå før, lagde eigne apparat for styrking av muskulatur rundt handledd, olboge og skulder.

– Eg får ofte kommentarar om kor viktig teknikk er i handbak, men for å ha nytte av god teknikk må du vera veldig sterk. Styrke er nesten alt i handbak, du kjem ikkje unna tung trening skal du hevda deg.

Han rigga seg til i ei løe på Thuen, med heimelaga utstyr. Støtfangaren til ein gamal Chevy Camaro var blant det armane hans fekk bryna seg på.

Første tittel i 1992
Det gjekk ikkje lang tid før Arne stilte i sitt første NM, og debuten i 1989 var ikkje så verst.

– Eg var så gåen i armen at eg måtte gje med undervegs, men vann mange nok rundar til at eg fekk bronse.

I 1992 vann han NM-tittelen for første gong, sidan har det blitt 18-20 NM-gull på 21 år.

– Det har vore nokre skadeopphald, så det er ikkje kvart år eg har kunna vore med.

Noregs beste klubb
I fjor vann 11 utøvarar frå Os Håndbak Klubb 22 NM-medaljar, 14 av dei var gull. I år stilte Os med 10 utøvarar, då blei det 24 medaljar og 12 gull. Begge åra var Os samanlagt beste klubb.

Både Arne Thuen, Andreas Fagerthun, Ronny Risøen, Tore Matre, Øyvind Birkland og Frode Veim Haugland er regjerande noregsmeistarar, Os har tittelforsvarar i junior og senior frå 75 kg til + 105 kg neste år, i tillegg tok utøvarar som Asle Kvamsdal, Kent Remy Kvamsdal og Hanne Lise Kvamsdal medaljar i noregsmeisterskapen i april i år.

Vegas og Os
Arne Thuen slit med skadar i armen, men klarte fint å ta nok ein NM-tittel i år.

– Vi har fleire store talent, mange av dei i god gang med å hevda seg internasjonalt også. Rekrutteringa er også god, klubben har 40-50 medlemmar og ei hard kjerne som alltid er på trening.

Kvar onsdag og fredag er armbrytarane i sving hos Sprek og Blid, utanom fellestreningane er det styrketrening på eigehand.

– Sidan vi er ein gjeng som skal til VM i Las Vegas i desember droppar vi EM i Moskva. Eg siktar meg inn på å avslutta karrieren i USA, men kjem nok til å stilla i NM neste år, sidan det er vi som skal vera vertskap.

Arne Thuen trur Os kjem til å stilla ekstra sterkt på heimebane. Brytarane frå Os har vore med på å setja bygda på kartet, og håper på å få bruka den nye kulturstorstova til arrangementet.

– Det hadde vore fint å avslutta karrieren på Mobergsneset, i nyopna Oseana, seier veteranen Arne Thuen.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11