Lokal | 06. nov. 2013

Vil bussa 12 elevar

Administrasjonen og utdanningsforbundet er einige. Den beste løysinga på plassproblema i sentrumsskulane er å bussa fem frå Kuventræ og sju frå Os til Søfteland.

Vil bussa 12 elevar
12 elevar tilhøyrande Kuventræ og Os skulekrinsar kan bli bussa til Søfteland neste haust (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 06. nov. 2013 12:12

2008-kullet er rekord stort, med omlag femti fleire elevar enn 2007-kullet og 2009-kullet. Dette gjev kommunen utfordringar i høve skulestrukturen og plass til elevane på dei tre sentrumsskulane Lunde, Os og Kuventræ.

På formannskapet si budsjettkonferanse tysdag la difor oppvekst- og kultursjef Ingvar Torsvik fram forslaget om at 5 av elevane for opptakskrinsen til Kuventræ skule og 7 av elevane frå opptakskrinsen til Os skule blir skyssa med buss til Søfteland. Bussinga gjeld elevar som skal starte på skulen frå hausten av.

– Vi er bunden av skulelova, og har vald å prioritera dei elevane som har eldre syskjen i 2 til 4 klasse.

– Vi har ikkje vald å prioritera vener og nabolag, forklarte Ingvar Torsvik som forklarte at det var ei stor utfordring.

– Dette er vanskeleg, men vi i Utdanningsforbundet trur det er riktig for barna og for skulen alt i alt at elevane kjem til ei skule kor det er plass til dei og som har pedagogane.

– Det er ikkje ein optimal løysing, men alt i alt trur vi at det kan vera det beste for elevane, kommenterte Ingrid Kjørsvik, leiar i Utdanningsforbundet i Os.

Vil utnytta kapasiteten

Løysinga med å bussa elevane til Søfteland vil gjera at kommunen utnyttar den kapasiteten som blir når Nore Neset Ungdomsskule opnar. Ein reknar med å klara denne løysinga utan at det får driftsmessige konsekvensar.

– Dette er mogleg fordi ein på Søfteland har kapasitet som vil absorbera dei 12 elevane inn i dei klassene som naturleg kjem der uten at det får driftsmessige konsekvensar, supplerte ordførar Terje Søviknes (Frp).

Kan byggje ut på Kuventræ

Administrasjonen har i sitt framlegg også skissert ei løysing med å utvida kapasiteten på Kuventræ med inntil tre klasserom og tilhøyrande fasiliteter. Ei slik løysing vil krevja ein auka driftskostnad på omlag éin million kroner per klasse. Investeringskostandane kjem ann på om ein skal leiga eller eiga pavillionar. Ei leige vil kosta omlag 400 000 per år.

– Eg skjøner rasjonale som prinsipp, men etter å ha reflektert over det, så har eg kome fram at eg tek parti med dei ungane det gjeld.

– Då eg sjølv gjekk på skulen tenkte eg aldri over om systra mi gjekk på same skule, men eg var oppteken av å vera saman med kameratane mine frå nabolaget.

– Eg ber om at kvar ein stein blir snudd for å få det til, oppmoda Lars Atle Skorpen (Ap).

Nokre må bussast uansett

Det utvida formannskapet såg at dei har fått ei vanskeleg nøtt å knekkja, ikkje minst knytt til dei opptaksgrensene kommunen har operert med over mange år.

– Uansett kva modell vi vel, så vil det medføra endringar på det nokon opplever som eksisterande opptaksgrenser, med tanke på syskjen og vener.

– Det er ein utfordrande situasjon vi har kome i, poengterte ordføraren.

Det var Jon Sivert Rykkel (V) einig i, men han ville likevel sjå på løysinga om å utvida Kuventræ skule.

– Då eg gjekk på Os skule var det elevar på Kuventræ vi hadde kontakt med, ikkje dei på Søfteland. Os og Kuventræ har ein relasjon, mellomanna gjennom idretten.

Sjølv med ei utviding av Kuventræ vil elevane frå Os-krinsen måtte bussast, om enn ikkje til Søfteland.

Endeleg stilling skal politikarane ta i kommunestyret 17. desember.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.