Lokal | 18. mars 2015

Vil du bli gift av Terje?

Regjeringa vil flytta borgeleg vigsel frå domstolane til kommunane. – Eg er klar, seier ordførar Terje Søviknes.

Vil du bli gift av Terje?
Om endringsforslaget frå regjeringa går igjennom kan du bli vigsla av ordførar Terje Søviknes (Frp), til dømes på terrassen på Oseana (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 18. mars 2015 07:46

Kommunal- og fornyingsminister Jan Tore Sannar (H) slapp onsdag nyheiten om at regjeringa ønskjer å flytta borgeleg vigsel frå domstolane til kommunane.

– Det er eit fornuftig grep regjeringa foreslår.

– Domstolane har viktigare oppgåvare å driva med og er i dag pressa på kapasitet.

– Ikkje det at vi ikkje har nok å gjera vi òg, men at osingar skal få slippa å reisa til byen for å bli gift er berre positivt, seier ordførar Terje Søviknes (Frp).

Lovar kvitskjorte og mørk dress

Søviknes lovar at om det blir ei realitet skal han stilla i kvitskjorte og mørk dress, ikkje i arbeidsdressen som på bilete.

– Kor vigselen eventuelt skal foregå skal brudeparet for bestemma.

– Eg er fleksible, seier Søviknes som nemner terrassen på Oseana, Solstrand, Lyse Kloster Ruinane som døme på moglege plassar.

– Kanskje er det nokre som har ein plass dei har sterk knytning til og som dei ønskjer å gjennomføra sermonien på. I såfall skal vi heilt sikkert klara det òg.

Del av oppgavereforma

Forslaget frå Sanner er eindel av den varsla oppgavereforma som kjem førstkommande fredag.

– Oppgåvereforma er regjeringa sitt arbeid for å sjå kven i det offentlege som skal gjera kva.

– Det er ei reform som skal sikra gode velferdstenester der folk bur.

– Fleire av oppgåvene kan gjerast enklare og betre i kommunane, dette er ei av dei, avsluttar Søviknes, som er spent på kva andre oppgåver kommunen vil få gjennom reforma.

Fakta om vigsel

  • Vigslar blir i dag utført av dommarar i tingrettane og Oslo byfogdembete. Desse oppgåvene varslast overført til større kommunar.
  • I dag kan ein rekkje instansar foreta vigslar, blant annet tingrettane og Oslo byfogdembede. I domstolane kan også andre enn dommarane gis vigselskompetanse. Sjølve prøvinga av ekteskapsvilkåra er lagt til skatteetaten. Dette tilseier at domstolene si vigselsmynde kan overførast til kommunane.
  • Kompetansen til å forestå vigsler er også tillagt andre instansar enn tingrettane, slik som Den norske kyrkje, andre registrerte trossamfunn, Human-etisk forbund og andre livssynssamfunn.
  • I 2012 blei det utført om lag 8 400 vigslar i domstolane. Skølve prøvinga av om ekteskapsvilkåra foreligg skal framleis gjerast av folkeregisteret ved dei regionale skattekontora. Det er altså dei vigslane som domstolane foretar som vil bli overført til kommunane. Øvrige vigselsmynde (kirken og Humanetisk forbund m.fl.) vil behalde si vigselsmynde.
  • Det vil bli opp til kommunen å plassera/delegera vigselsmynde. Ingenting er til hinder for at ordføraren får oppgåva. Vigselskompetansen kan også delegerast til administrasjonen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.