Sport | 17. feb. 2016

Vil du fly seglfly?

Os Aeroklubb tok 6 av 6 medaljar i NM for seglfly i 2015. No vil dei ha fleire opp i lufta.

Vil du fly seglfly?
Nyvald skulesjef Kato Kvitne, her ved avgang saman med kona May-Liss, inviterer til informasjonsmøte om segleflyging på Os Aeroklubb (privat foto)
Andris Hamreonsdag 17. feb. 2016 14:28

Seglflygruppa til Os Aeroklubb er blant dei framste i landet og tok i 2015 seks av seks moglege medaljer i senior og junior NM. I tillegg blei dei beste klubb i Norden på distanseflyging. Totalt 30 000 kilometer blei tilbakelagt, noko som er ein fantastisk prestasjon av ein «liten» klubb på Vestlandet.

– Vi har hatt skikkeleg vind i segla dei siste åra med tanke på konkurransar. Derimot har vi ikkje fokusert så mykje på rekruttering og utdanning av nye pilotar, det ønskjer vi å gjera noko med, fortel nyvald skulesjef Kato Kvitne i Os Aeroklubb.

Torsdag inviterer dei difor til informasjonsmøte i klubbhuset ved flystripa på Vaksinen.

Høg kompetanse og mange fly

Aeroklubben tel tilsaman omlag 130 medlemmar, 95 av desse i seglflygruppa. Gruppa disponerar ein særs god og moderne flypark på totalt 8 seglfly og eitt motorfly.

– Av medlemmane våre er det vel ein 10-15 stykker som er veldig ivrige både i konkurransar og som instruktørar.

– Totalt har vi 13 godkjente intruktørar, fem av dei har vunne NM i seinare tid.

– Det å starta som seglflypilot kan vera ein meget god start på ei karriere som pilot. Fleire kapteinar i våre største flyselskap i dag har bakgrunn som aktiv seglflygar i Os Aeroklubb, fotel Kvitne.

Over 15 år, med grei helse

Kvitne fortel at er du over 15 år og med normal god helse så er du kvalifisert til å vera seglflypilot.

– Det er faktisk eitt nytt EU-regelverk på gang som gjer at du kan starta allereie når du er 14, men per i dag er det 15 år som er grensa.

– Når det gjeld helsa så er det ikkje spesielle krav til den. Du må ta ein legesjekk hos fastlegen din, men det er det eineste kravet. Om du tildømes bruker briller så er ikkje det noko problem. Dei som er i tvil i forhold til dette må berre ta kontakt. Vi har ei oversikt over kva tilstander som gjer at du ikkje kan fly.

Kan kome raskt i gang

Skulesjefen fortel at det ikkje treng gå lang tid før du kan setta deg i flyet for første gong.

– Det er ei prøve du må igjennom som går på regler og liknande før du får sette deg bak spakene.

– Før du får sertifikatet må du igjennom eindel meir teori, mellom anna meteorologi, men mykje av opplæringa er av det praktiske slaget. Eit eksempel er det som går på tryggleik og inspeksjon av flyet før du lettar eller korleis du faktisk førar flyet, forklarar Kvitne.

Treng ikkje vera dyrt

For å bli seglflypilot treng du ikkje kjøpa ditt eige fly.

– Klubben har som sagt fleire fly som vi driftar og held vedlike. Desse kan medlemmane låna.

– Ordninga vi har er at ein betaler eit årskort på 6500 kroner som inkluderer seglflyleiga. Det som kjem i tillegg er utgifter til sleping slik at du kjem deg opp i lufta, sjølve medlemsskapet i klubben og den naudsynte lisensen.

– Mange av medlemmane våre, kanskje spesielt dei yngre, lånar klubben sine fly for å vera med på konkurransar eller for å fly lengre turar.

– Skal du kjøpa ditt eige fly, så er det som når du skal kjøpa deg ein bil. Skal du ha det nyaste og dyraste, så kostar det fort ein del, men klarar du deg med det nest beste ligg nok prisen rundt ein 200 000 til 300 000 kroner. Fordelen er at om du kjøper deg eit brukt fly så taper det seg ikkje særleg i verdi, avsluttar Kato Kvitne.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.