
Vil du ha pengar?
To gonger i året har stiftinga søknadsfrist for pengane dei har satt av for utdeling til allmennyttige formål.
- I løpet av dei siste fem åra har vi delt ut 300 000 kroner til lag og organisasjonar i Os, fotel Jan Erik Olsvold i DnBNor.
- Det er Sparebankstiftinga som delar ut pengane, men vi blir bedt om å gje ei innstilling, forklarar Olsvold.
Blant dei som har fått pengar frå stiftinga tidlegare er Museet Lysøen, Søre Øyane Grendelag og Os og Kuventræ skulekorps.
Dette kan du søkje støtte til
Ved kvar utdeling vel stiftinga ut eit eller fleire føremål som dei vil retta fokus mot. For tildeling i september har dei valt ut desse førmåla:
Kulturelle aktivitetar og uttrykk
- Dette er støtte ulike typar kulturaktivitetar. Prosjekta skal væra rettet mot born og unge, fotel Olsvold.
- Prosjekta skal væra nyskapande og særeigne prosjekt og vil gå til dei tinga i prosjektet som kan gjenbrukast, for eksempel utstyr, kostymer, manuskriptutvikling og faste installasjonar.
- Reine driftskostnadar vil ikkje bli prioritert, forklarar Olsvold.
Idrettstiltak er heller ikkje omfatta denne gongen.
Jorda og Universet
Kunnskap om jorda og universet er mellom anna tufta på naturvitenskapleg nysgjerrighet og undersøkingar. Viten er skaffa gjennom systematiske eksperimenter, målemetodar og observasjonar.
Sparebankstiftelsen ønskjer å støtta tiltak som bidreg til innblikk i området og auka interesse for realfag og naturvitenskap blant born og unge i aldersgruppa 7-30 år.
- Søknadsfristen er 15. september så her er det berre å kasta seg rundt, avsluttar Jan Erik Olsvold i DnBNor.
- Det elektroniske søknadsskjemaet finn du på sparebankstiftelsen.no legg han til.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no