Vil du synga med Christine?
Christine Sandtorv kjem til Osfest med barnekonserten «Stjerneteller». No inviterast barn og unge til å stå saman med ho på scenen.
Barnekonserten under årets Osfest går i år som i fjor føre seg på Oseana. Laurdag 1. august står spelemannsprisvinnar Christine Sandtorv på scenen med konserten «Stjerneteller».
– Christine kontakta meg for nokre veker sidan og lurte på om eg "hadde nokre barn på lager".
– Ho ville gjerne ha med seg eit kor av barn på konserten, fortel Stine Kobbeltvedt, som raskt tok på seg å skaffa eit kor og øva med dei på førehand.
Plass til fleire
Kobbeltvedt kontakta dei ho kjende og har no i overkant av 20 namn med.
– Vi veit jo at det er midt i ferien og at folk gjerne er vekke, men er ein heime og har barn så er dette ein konsert verd å få med seg.
– Det er plass til fleire, så det er berre å ta kontakt med meg på e-post. Ein treng ikkje ha sunge i kor tidlegare, understrekar Kobbeltvedt.
Øving dagen før
Er du mellom 3 og 13 år, så er du i målgruppa
– Christine sine barneplater er berre veldig veldig fine.
– Koret skal vera med på refrenga på fleire av songane.
– Vi tek ei øving i Oseana dagen før frå klokka 15 til 17 slik at vi blir litt kjend med songane og det å stå på scena.
– I tillegg blir det sjølvsagt ei lita gjennomkøyring saman med Christine og bandet under lydprøvane på laurdagen.
– Eg trur dette kjem til å bli veldig fint og vil så absolutt anbefala folk som er heime å ta turen, avsluttar Stine Kobbeltvedt.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.