Kultur | 09. sep. 2015

Vil flytta leiken inn i sentrumskjerna

Fontener og kjøp av skulpturar og granittdekke frå Portugal: Liv på Øyro-gruppa har tatt to avgjerder i dag.

Vil flytta leiken inn i sentrumskjerna
Tor Inge Døsen og Terje Søviknes ved den tredelte Rumours, ein av tre skulpturar som Os kommune no kjøper og flyttar inn i sentrum. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 09. sep. 2015 16:07

Bildeserie:

Spor etter leik. SkulpTur har vore eit populært innslag i sommar. (Foto: KVB)
Spor etter leik. SkulpTur har vore eit populært innslag i sommar. (Foto: KVB)
Os kommune kjøper også Båten. (Foto: KVB)
Os kommune kjøper også Båten. (Foto: KVB)
... og denne grotta. Alt skal flyttast inn i sentrumskjerna. (Foto: KVB)
... og denne grotta. Alt skal flyttast inn i sentrumskjerna. (Foto: KVB)
Frå brannstasjonen til elva kjem det granitt. (Foto: KVB)
Frå brannstasjonen til elva kjem det granitt. (Foto: KVB)
Målet er å også få baldakiner og benkar.
Målet er å også få baldakiner og benkar.
Det blir også jobba med glasbygg på Torget. Dette er ei eldre skisse.
Det blir også jobba med glasbygg på Torget. Dette er ei eldre skisse.
1 av 6

Arbeidet med første ledd i Liv på Øyro-prosjektet, Bydraget, held fram, blant anna med graving og skifte av leidningsnett også under Brugata.

Samtidig har Os kommune jobba vidare med fleire ting, blant anna nytt dekke, installasjonar og nybygg på Torget.

– Vi har framleis litt igjen når det kjem til vidareutvikling av Torget og eit eventuelt glasbygg til allbruk, så dette blir ikkje bygd i år.

– Men vi har tatt to andre avgjerder i dag, seier ordførar Terje Søviknes.

Kjøper og flyttar tre skulpturar

Du har kanskje lagt merke til at SkulpTur-utstillinga som opna i Os sentrum 30. mai ikkje blei tatt vekk 30. august som planlagt?

No er det bestemt at minst tre av skulpturane blir ståande igjen i Os.

– Vi har sett at fleire av desse innbyr til leik og fotografering. Aktivitete på Kyrkjeflaten har vore stor, og vi vil ha tre av desse inn i sentrumskjerna, seier prosjektleiar for Liv på Øyro, Tor Inge Døsen frå Os kommune.

Os kommune kjøper både dei tre sirklane, Rumours 1, 2 og 3 av Sissel Berntsen, Båten av Kristian Blystad og den kubeliknande Helt i VIII av Marit Lyckander.

Kommunen bruker til saman 1,2 millionar kroner på skulpturane.

Jobbar med fleire interessentar

– Heile utstillinga er ei salsutstilling og vi var veldig glade for at Os kommune i første omgang viste interesse for éin av dei. No bidrar vi med vår kommisjon inn i spleiselaget sånn at tre skulpturar står igjen i Os, seier Georg Jørgensen frå Os Kulturutvikling.

Os Kulturutvikling sit med andre ord igjen med gleda over at skulpturane blir igjen i sentrum.

– I tillegg jobbar vi med konkrete interessentar på minst tre av dei andre skulpturane, derfor har alle blitt ståande utover august.

Vel granitt framfor densifalt

Asfalten som blei lagt på Øyro etter gravinga i sommar er midlertidig dekke. Os kommune skulle etter planen legge densifalt, men har skifta meining.

– Det viste seg at densifalt ikkje får heilt den finishen vi var på jakt etter. Dessutan er det visst eit problem med misfarging over tid.

Arkitektane tok turen til Portugal og har funne granitt til konkurransedyktig pris.

– Prinsippet blir det same, ingen fortauskant, men ein annan farge der folk skal gå enn der bilane kjører.

– Saman med baldakinar og benkar trur eg det vil bli veldig fint. Vi går også inn for å, i staden for tradisjonelle leikeapparat, installera fontener, små vassøyler som ungane kan leika mellom.

30 + 30 mill?

Os kommune vil inn med 30 millionar kroner og håper på å få grunneigar med til samla å spytta inn same sum.

Arbeidet med nytt dekke kan starta mot slutten av året.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.