Lokal | 06. juni 2011

Vil kontrollere fisken

Intressentane i Osvassdraget ønskjer kontroll med fisken i elva. Tysdag var dei på fiskefelle-befaring.

Vil kontrollere fisken
Andris Hamremandag 06. juni 2011 10:25

I fjor var tre av fire fisk som blei tatt i Osvassdraget oppdrettsfisk. Prøvefisket dei fem første dagane i juni har vist litt betre tal då fem av dei ni fiskane dei landa truleg var villfisk. Skjellprøver er sendt inn for å få dette stadfesta.

- Dei fem som vi trur er villfisk blei satt ut igjen, medan dei fire siste tok vi ut av elva, fortel Paul Lekven, ein av dei få som fekk vera med på prøvefisket.

Felle i sone 1

Fagrådet for osvassdraget har i lengre tid prata om moglegheiten for å få satt ut ei fiskefelle for å betre tal på kor mykje smolt, villfisk og oppdrettsfisk som går i elva.

- Endeleg har vi kome eit steg vidare, med at vi i dag har fått besøk av Kåre O Myhre som har jobba med dette i tredve år hos direktoratet for naturforvaltning, fortel Fredrik Lihaug i fagrådet.

Saman med konsulenten og representantar frå grunneigarlaget, Os jakt- og fiskeforening og vannregionalutvalget brukte Lihaug mandagsmorgonen til å sjå på kor ei fornuftig plassering av fiskefella ville vera.

- Eg vil absolutt anbefala denne plassen, sa Myhre då han fekk sjå elva rett oppom odden i sone 1.

- Her er det lett adkomst og gode tilhøve for å få på plass fella, mente Myhre.

Treng 2-300.000

Myhre fortel at ei fiskefelle som det er behov for i Osvassdraget vil koma på omlag 2-300.000 kroner.

- Vi har allereie ein søknad inne hos oppdrettsnæringas miljøfond, men reknar med at vi treng meir midlar enn det vi eventuelt får derifrå, seier Olav Valle, representant for grunneigarane.

- Så er det nokon som vil bidra med nokre sponsorkroner er dei hjarteleg velkomen.

Begge veier

Lihaug ser for seg at fiskarlaget vil måtte gjera mykje av driftinga av fiskefella på dugnad.

- Det vil gå med ein god del dugnadstimar. Kummene må kontrollerast kvar dag i sesongen.

- Vi håpar at fella kan bli slik at den tek både fisk på veg opp i elva, og fisk på veg ut att etter den har gytt.

- Villfisk og smolt vil vi setja ut etter at den er kontrollert. På den måten vil vi over litt tid få god kontroll med utviklinga i elva, forklarar Lihaug.

- Litt fram i tid, kan det og vera aktuelt å behandla smolten for å gjera den meir motstandsdyktig mot lakselus, trur Lihaug.

Viktig å behalda mangfaldet

Torill Keys (Ap) var den einaste av kommunalpolitikerane som var med på befaringa.

- Eg sit som medlem i fylket sitt vannregionalutval kor vi ser på alt som har med vatn å gjera. Mellomanna korleis sikra det biologiske mangfallet både i elver og sjø, forklarar Keys.

- Desse planane for Osvassdraget er utruleg spennande og eg kan lova at eg skal gjera det eg kan for å bidra.

Sesongen i Osvassdraget startar i år ein månad seinare enn normalt. Fisket opnar 1. juli.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.