Lokal | 27. mai 2016

Vil læra om flaskehalsane

Fredag besøker næringspolitikar frå Høyre verksemder knytt til oppdrett og havbruk. – Det er ein spennande bransje som vi vil læra meir om, seier Peter-Christian Frølich.

Vil læra om flaskehalsane
May Brit Haringstad Mjøs og Emil Tetlie Brimsholm tok med seg Ove Trellevik og Peter-Christian Frølich til tre verksemder innan havbruksnæringa fredag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 27. mai 2016 08:18

Saman med stortingsrepresentant og medlem i næringskomiteen på Stortinget, Ove Trellevik, og lokal- og fylkespolitikarar frå partiet, skal Frølich, som i tillegg til å sitta på stortinget er leiar i Hordaland Høgre, vitja Lerøy Sjøtroll sitt anlegg på Gulholmen, Marine Construction og Aqua Circle fredag.

– Det å koma ut til næringslivet er ei av kjerneoppgåvene for oss som sit på tinget. Vi må ut for å sjå, lytta og læra. Eg kan knapt tenkje meg noko betre enn å vitja havbruksnæringa nett no. Det er den vi skal leva av etter olja, seier Frølich, som ikkje er lei seg for å byta ut ein varm stortingssal med sol og fint vêr i Os-skjergarden.

Stor verdiskaping

Ove Trellevik har gjennom rolla som medlem i næringskomiteen god kjennskap til bransjen.

– Det er ei spennande bransje med eit enormt potensiale, men den har flaskehalsar som vi ønskjer å bli betre kjend med, slik at vi så godt det lar seg gjera, kan legga til rette for ei berekraftig vekst og utvikling.

– Det blir kjekt å møte også leverandørane i dag. Eg trur ikkje det har gått opp for folk den verdiskapinga som skjer her i Os med tanke på dei som er leverandørar til fiskerinæringa. Her har ein verkeleg fått det til å blomstra, seier Trellevik.

«Klagemuren»

Noko av det første Frølich gjorde då han blei ny fylkesleiar var å utpeika Trellevik som kontaktpunkt for næringslivet.

– Vi har vald å kalle rolla "Næringslivets klagemur". Når som helst på døgnet kan næringslivet ringa Ove for å ta opp små og store problem, slik at han kan sjå om det er noko vi kan gjera med det, forklarar Frølich.

– Det handlar om flaskehalsane. Er det ei forskrift som slår feil ut, eller er det andre ting vi som politikarar kan gjera for å betre tilhøva for næringslivet. Målet vårt er jo å hjelpa deg med å skapa vekst, slik at du kan tilsette enno fleire, supplerar Trellevik.

– Ta berre det mangehoda trollet næringslivet møter i det offentlege. Du har kommunetilsette og politikarar, du har fylket med tilsette og politikarar, fylkesmannen, storting, regjering også vidare. Eg kan godt forstå at næringslivet ikkje klarar å orientera seg.

– Tanken med denne rolla er at næringslivet i Hordaland skal få eitt kontaktpunkt inn i høgre, så bruker eg det apparatet vi har i partiet, med lokalpolitikarar og fylkespolitikarar til å løfta fram problemstillingane og sjå om det er noko vi kan gjera, forklarar Trellevik.

– Han er Hordaland høgre sin Mr. FixIt, smiler Frølich i det delegasjonen set seg inn i bilen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.