Lokal | 27. jan. 2015

Vil laga forkjørsveg av Industrivegen

E39 Svegatjørn-Rådal: Kommunen vil laga forkjørsveg av Industrivegen.

Vil laga forkjørsveg av Industrivegen
Er du i stuss på kva veg du har vikeplikt for i Industrivegen? Snart treng du kanskje ikkje tenkja på å vika. (Arkivfoto: KVB)
Andris Hamretirsdag 27. jan. 2015 13:10

Bildeserie:

I byggeperioden blir Ulvenvegen (over tunnelinnslaget) stengt. (Ill. Statens vegvesen)
I byggeperioden blir Ulvenvegen (over tunnelinnslaget) stengt. (Ill. Statens vegvesen)
1 av 1
I byggeperioden blir Ulvenvegen (over tunnelinnslaget) stengt. (Ill. Statens vegvesen)

I samband med bygginga av ny E39 mellom Svegatjørn og Rådal blir fylkesveg 160, Ulvenvegen, stengd frå krysset ved Industrivegen til avkøyringa ved Ulven Næringspark.

Omkøyringa vil bli via den kommunale Industrivegen gjennom Kolskogen, ein veg som frå før har høg trafikk.

– Industrivegen/Kolskogheiane har allereie ein ÅDT på over 4000 og dette vil truleg auka monaleg etter at Ulvenvegen vert stengd.

– Vegsystemet har også stor gang- og sykkeltrafikk på grunn av fleire skular og barnehagar i området, skriv sakshandsamar Terje Myking i Os kommune i eit brev til Statens vegvesen.

Ønskjer primært forkjørsveg

Kommunen er allereie i dialog med prosjektorganisasjonen frå Statens vegvesen som skal stå for bygginga av ny E-39 om korleis å auka trafikktryggleiken og kapasiteten på omkøyringsvegen.

– Det er difor ønskeleg primært å få etablert forkjørsveg, skriv Myking i brevet.

Alternativt ønskjer kommunen forkjørsregulering av fem vegkryss på strekninga (mot Os vgs, mot barnehagane/Kuventræ, mot Bir, mot ARKA/Monter og mot Øvre Varåsen, journ.mrk).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.