Lokal | 08. sep. 2016

Vil løyva 1 million til bru

Tømmernes bru er i så dårleg forfatning at brannvesenet ikkje kjem over med dei store bilane om det byrja brenne på andre sida. No er rehabiliteringa i gang.

Vil løyva 1 million til bru
Nye fundament er pæla ned ved siden av dei gamle og skal halde det nye betongdekket (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 08. sep. 2016 12:58

Bildeserie:

Ei midlertidig gangbru er satt opp ved sidan av køyrebrua (foto: AH)
Ei midlertidig gangbru er satt opp ved sidan av køyrebrua (foto: AH)
Brua tåler i dag ikkje meir enn 3 tonn akseltrykk (foto: AH)
Brua tåler i dag ikkje meir enn 3 tonn akseltrykk (foto: AH)
1 av 2
Ei midlertidig gangbru er satt opp ved sidan av køyrebrua (foto: AH)
Brua tåler i dag ikkje meir enn 3 tonn akseltrykk (foto: AH)

Arbeidet med å rehabilitera Tømmernes bru på Søfteland tok til i august. Det sjølv om kommunen ikkje hadde løyvd sin del av kostnaden på 2 millionar kroner.

– Tiltaket må gjennomførast med god vassføring i elva men før gytesesongen tek til, og for ikkje å måtta venta til neste sommar før prosjektet kunne realiserast vart difor arbeida starta opp i slutten av august (før haustregnet). Av beredskapsomsyn hastar det også med å få oppgradert brua.

– Dette er ikkje ideelt i høve politisk handsaming av denne saka i første kommunestyremøte 27. september, men sidan prosjektet tidlegare har lagt inne med kommunal løyving i budsjettet for Os kommune har ein i samråd med ordføraren akseptert oppstart før endeleg politisk handsaming, skriv prosjektsjef Tor Inge Døsen i saksframlegget formannskapet skal handsama til veka.

Låg inne i 2013

I saka foreslår administrasjonen at Os kommunestyre godkjenner å nytta inntil 1 million kroner av avsetningene frå overskotet i 2015 til utbedringsarbeidet. Den andre millionen er det oppsittarane på Tømmernes som dekker.

Allereie i 2013 låg brua inne i dei kommunale budsjetta, då med 1,5 millionar kroner, men uvisse om eigarskapet til brua gjorde at løyvingane blei fjerna.

– Ved nærare dokumentsøk har ein ikkje funne haldepunkt for at kommunen eig anlegget. Eldre dokumentasjon syner imidlertid at Os kommune gav tilskot/dekkja kostnaden med bygging av brua.

Kommunen tek over drifta

Det er Tømmernes Veilag som har byggherreansvaret for utbetringa, men kommunen skal ta over brua for framtidig drift og vedlikehald når rehabiliteringa er ferdig.

– Når prosjektet er ferdigstilt skal justeringsretten for MVA overførast kommunen, slik at ein får attende meirverdiavgift over den kommande 10-årsperioden. Dette er ein modell som kan nyttast der kommunen overtek infrastruktur til kommunalt eige, drift og vedlikehald.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.