Lokal | 06. nov. 2014

Vil sjå på skulestrukturen

Administrasjonen inviterer politikarane til å sjå på skulestrukturen. – Vi må rigga oss til å takle folkeveksten, seier oppvekstsjefen.

Vil sjå på skulestrukturen
Kommunalsjef for oppvekst og kultur, Line Rye, presenterte behovet for å ta ein debatt omkring sentrumsskulane (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 06. nov. 2014 09:59

For å ta folkeveksten som ein ventar kjem dei kommande åra inviterte kommunalsjef for oppvekst og kultur, Line Rye, politikarane til debatt om korleis den framtidige skulen i Os skal sjå ut då formannskapet møttest til budsjettkonferanse tysdag.

– Dei fire sentrumsskulane Lunde, Kuventræ, Os og Hegglandsdalen bør sjåast i samanheng for å ta høgde for folkevekst og auka elevtal i og rundt Os sentrum i åra som kjem.

– Elevtalsveksten syner vekst på Halhjem.

– Er det ønskje om ei rehabilitering av Lunde barneskule før vi startar bygginga av ei ny skule aust om elva, spurte Rye innleiingsvis.

Vil unngå Kuventræ-situasjonen

Ein som ikkje umiddelbart var med på å endra planane var Espen Aspenes (Frp).

– Lunde barneskule er ikkje ei større utfordring enn den vi hadde på Kuventræ. Eg er ikkje glad for å kasta omkull på planane vi har lagt.

Aspenes fekk raskt svar frå partikollega Eirik André Hesthamar.

– Vi kastar ikkje omkull på planane, men vi må få lov til å sjå litt større på heile prosjektet.

– Det naturlege skillet mellom Kuvågen og Lekven er bygd saman. Vi må sjå kva som er naturlege krinsar for Lunde, Kuventræ og Os.

– Vi må òg få lov å ta inn dei elementa som går på veksten rundt Halhjem og Lunde barneskule. Ein vekst vi ser kjem ganske kjapt, påpeika Hesthamar.

– Skule aust om elva ligg som hovudmandat, men vi ønkjer å unngå å koma i same situasjon som Kuventræ.

– Allereie no ser vi at det er problem på Lunde og det vil berre bli større i eit fireårs-perspektiv, tilføyde Rye.

Kva skule skal byggast

Anders Hjelle (TvS) var oppteken av om endringane ville påvirka kva skule som skulle byggast aust om elva.

– Eg har alltid oppfatta at vi har snakka om ei 1-10 skule.

– Om det no er usikkert så trur eg vi vil få eit problem ganske raskt. For øyeblikket har vi ganske bra kapasitet i ungdomsskulane, men kor lenge vil det vara, undra Hjelle.

– Vi veit dei vil renne full om ikkje så lenge dei også.

– Om skulen aust om elva skal bli ei 1-10 skule må vi sjå på. Vi jobbar med tette koblingar inn mot dei som jobbar på plan- og utvikling, svara Rye, som fekk støtte frå Hesthamar.

– Det vi ser på er kva område er tilgjengeleg. Dei skal ha uteområde også.

– Ei skule aust om elva, eller i nærleiken av sentrum må vera ei ungdomsskule også, men korleis det skal løysast trur eg ikkje det er nokon som kan svara på i dag.

– Det er ikkje flust med tomter som gjer at vi kan bygga ei gigaskule, kommenterte Hesthamar.

Skal møta fylkesmannen

Nettopp tomteareal kan bli ei utfordring. Prosjektsjef Tor Inge Døsen utfordra politikarane til å tenkje på kva type skule dei ville bygga.

– Skal det vera ein-, to- eller tre-parallellar?

– Skal vi ha noko å veksa på treng vi kanskje opp mot 40 mål, kor finn vi det nær sentrum?

– Ei skule er ikkje berre ei skule, det er kollosal forskjell på kva ein treng av tomt.

– De må seie kva vi treng og ta diskusjonen, oppmoda Døsen, som blei supplert frå ordførar Terje Søviknes (Frp).

– Vi freister allereie å få til eit møte med fylkesmannen.

– Medan vi har vore her har eg hatt tekstmeldingutveksling med Lars Sponheim og avtalt eit møte 11. november for å diskutera dette.

Historisk struktur

Også rådmann Knut Terje Rekve kasta seg inn i diskusjonen.

– Strukturen er der av ein eller anna grunn, gjerne historisk.

– I høve arealdiskusjonane så må vi og sjå på korleis vi skal rigga kommunen framover.

– Kor satsar ein og kor satsar ein mindre.

– Ein skulestrukturdebatt med utgangspunkt i å skulle spara er frykteleg vanskeleg, men når vi skal byggje nokon nytt så er det gjerne lettare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.