Lokal | 16. des. 2014

– Vil slå hardt ned på dei

Bilførarar som leikar på snøen og isen risikerer å mista førarkortet. – Vi fekk ein del klagar i går, og vil slå hardt ned på det, seier politiet.

– Vil slå hardt ned på dei
Vegen opp mot og plassen framfor Nore Neset ungdomsskule var populær å sladda på måndag kveld, noko politiet ikkje aksepterte (arkivfoto: AH)
Andris Hamretirsdag 16. des. 2014 08:30

Både i 18-tida og i 20-tida måndag kveld fekk politiet klagar på sladding og uvettig køyring i området ved og rundt Nore Neset ungdomsskule.

– Det blei meldt om nokre BMW-ar og Volvo-ar som dreiv å grisekøyrde der.

– Patruljen kom til staden, men traff ikkje på dei, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Streng straff

Politioverbetjenten fortel at han ikkje vil ha slik risikokøyring.

– Det er mange turgåarar, både barn, vaksne og dyr i området, og generelt ein høg aktivitet, både ved hallen og skulane.

– Slik uvettig køyring som blei rapportert i går kan ikkje aksepterast og vil bli slå hardt ned på.

– Kva vil det seia?

– Då snakkar vi om førarkortbeslag, seier politioverbetjenten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.