Lokal | 26. nov. 2014

Vil spørja folket

Politikarane sit med fleire spørsmål enn svar rundt kommunereforma. No vil dei utgreia og spørja osingane.

Vil spørja folket
Kommunestyret vil undersøka kva innbyggarane tenkjer omkring kommunereforma (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 26. nov. 2014 13:05

Bildeserie:

Tidsaksen fylkesmann Lars Sponheim presenterte for kommunestyret (Foto: AH)
Tidsaksen fylkesmann Lars Sponheim presenterte for kommunestyret (Foto: AH)
1 av 1
Tidsaksen fylkesmann Lars Sponheim presenterte for kommunestyret (Foto: AH)

Tysdag orienterte fylkesmann Lars Sponheim om kommunereforma og prosessen fram mot handsaming av ny kommunestruktur i Stortinget våren 2017.

– Dette gav meg masse ny kunnskap, men det løfter òg fram ein del problemstillingar.

– Om vi skal sjå mot Fusa eller Tysnes så får vi ei arealutfordring i høve den kompakte kommunen vi er i dag.

– Det blir ei utfordring med kostnader, påpeika Espen Aspenes (Frp).

Vil høyra innbyggarane

Aspenes refererte til ei uformell undersøking Tysnesingen blant lesarane sine, kor 72% såg i retning av Os.

– Kanskje skulle vi òg ha fått nokre signal frå innbyggarane, foreslo Aspenes som fekk støtte frå fleire av politikarane i ønskjet.

Assisterande rådmann Paul Manger, kunne fortelja at administrasjonen allereie var i dialog med Sentio for å gjennomføra ei representativ undersøking.

Usikker på prosessen

Lars Atle Skorpen (Ap) sat, som Aspenes, igjen med fleire spørsmål etter fylkesmannen si orientering.

– Eg undrar på om dette er måten å gjera det på og om den tidsaksen fylkesmannen presenterer er den beste måten å gjera det på.

– Eg er ikkje sikker på det.

– Det hadde vore interessant å få ein uavhengig internasjonal aktør til å vurdera kor smart dette er.

– Eg er skeptisk til prossessen og avventande til at det skal bli lett å finna opplagte svar. Kanskje må det vera sånn. Kanskje er det slik når store spørsmål stillast at ein får ei oppleving av å ikkje veta nok.

– Eg håpar fylkesmannen er i nærleiken når spørsmåla dukker opp, sa Skorpen som støtta Aspenes i innspelet om å høyra folket.

– Må analysera oss sjølv

Marie Bruarøy (H) viste til arbeidet Austevoll allereie hadde starta med å analysere sine eigne sterke og svake sider.

– Det må vi òg gjera.

– I den samanhengen tenkjer eg at fylkesmannen må guida oss på kva vi skal ha fram i analysane, slik at vi diskuterer epler og epler og ikkje epler og pærer.

– Vi i arbeidsgruppa må raskast mogleg komma i gang med den analysen, påpeika Bruarøy.

Igjen kunne Manger fortelja at administrasjonen var på ballen.

– Eg ser for meg at vi på ekstramøte i januar presenterer utgreiingar og analyser kor vi ser på styrker, svakheter, moglegheiter og risikoar for ulike alternativ.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.